Aktivitetsplan for 2021
Aktivitetsplan for laget, vidare
framover. Styret delegerer
arbeidsoppgåver
Dei av grunneigarane som ynskjer å
delta på noko av det som står
på
aktivitetsplanen er hjerteleg velkomen
til å kontakte leiar om
dette.
Samtidig kjem styret til å invitere
grunneigarar på forskjellige dugnader i
løpet av 2021.
Det er avtalt eit samarbeid med Valldal
og Lakseelvane på Sunnmøre, opp mot
offentleg forvalting, for å få starte
opp med kultivering i form av utsetjing av
rognboksar.
Dette arbeidet er viktig. Resultat av ein
stor habitat og gyteforhold undersøking
hausten 2020, avgjer mykje om framdriftsplanen
her. Rapport vil føreligge våren
2021
Laget arbeider med ein Kultiveringsplan for elva.
Denne skal opp på omframt årsmøte
seinare i 2021, før vi sender den inn til
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for
godkjenning.
Vi har søkt om midlar, frå
Miljødirektoratet til habitat forbetringar i
Rikjenda. Samt ei undersøking av forholda i
kanalen som går frå Stadion til nedre
del av industriområdet. Ved eit godt
resultat på denne undersøkinga, vil vi
kunne etablere gyteforhold for sjøaure her.
Inne i prosjektet ligg også finansiering av
ungfiskregistrering av gytebekkane og dei 2
sideelvane, Rikjenda og Rø-elva. Dette kjem
også opp som eiga sak til
årsmøtet.
Ved godkjenning av dette tiltaket, og om vi
får omsøkt tilskot, kjem laget til
å gjennomføre dette prosjektet i august
– september 2021
Vi vurderer å ta etablering og habitat
forbetring av Langhesløken i eigen regi.
Laget sitt arbeid i det komande
året.
- Vi skal ha årlege teljingar av gytefisk, i
september og oktober, heile elva.
Her må det klargjerast kva rolle OURO
systemet vil ha i elva, framover, i høve
teljing
Vi er pr no ute av OURO ordninga, grunnen til
dette er at VRL og Miljødir. har satt status
for elva som god….Leiar har tatt opp dette
med Fiskeridir, VRL og Statsforvaltaren. Samtidig
ligg vi inne i eit større prosjekt i regi av
LPS, dette gjer at vi uansett får ungfisk
registrering og teljing gjennom dette prosjektet.
Vi må i samråd med Kambestad –
Norce AS finne utav om vi skal gjere noko av
desse undersøkingane sjølv, eller om
alt går gjennom dette prosjektet.
Røelva ligg inne her. Usikkert om øvre
del av Stavdal, med undervanns videokamera,
manuell teljing og bruk av dykkere.
Løyve frå grunneigarlag
«Nørdalsjuvet» er nødvendig,
styret tek kontakt med leiar i
grunneigarlaget
- Vi skal ha teljing og registrering av yngel, i
eigen regi, i alle 6 gytebekkane og
Rikjenda.
- Ungfiskregistrering i regi av LPS, anadrom
sone, Stordalselva
- Vi må ta ungfiskregistrering på delar
av Røelva sjølve.
Utførast av eigne folk som er autorisert i
bruk av el-fiske apparat
- Vi skal ha innsamling av skjellprøvar
frå all fisk som blir tatt i elva.
- Vi skal ha midtsesong evaluering -
fisketeljingar i løpet av sommaren, i eigen
regi.
- Vi skal nå ut med innformasjon til
grunneigarane og dei som fiskar, når gjelder
oppsynets rolle i elva. Og med dei endringar i
fisketid og fangstrestriksjonar som blir vedtatt
av årsmøtet
Kompetansegruppa i samarbeid med
styret.
- Yngeltelling i gytebekker og side
elvar, 2021
- Midtsesong evaluering rundt 15.
juli
- Overvåking i høve pukkel
laks, dykkere i august
- Rutine overvåking av nedre del i
høve oppdrettslaks
- Kompetansegruppa tar del i rapporter og
systematiserer de opplysninger som kommer ut av
lagets arbeid i 2021
- Kompetansegruppa fungerer som «ei
høyrings og rådgjevings gruppe»
for styret
Elveeigarlaget –
Styret,
Skal arbeide vidare med sikte på
å få starte kultivering her med vekt og
fokus på rognboksar
Det blir truleg ei undersøking av
kor stor påverknad isferd har for
gytegrusen/rogna i elva. Eit forsøk i regi
av LPS og Norce. Her må vi delta i
planlegginga og delvis i utføringa av
dette
Styret skal følgje opp alle
undersøkelsar, teljingar og
registreringar
Styret må følgje opp rapporten
av habitat og gyteforhold undersøkelsen
utført i 2020
Mest truleg kjem styret til å kalle
inn til eit medlemsmøte med fokus på
forskjellige habitat og betring av gyteforhold
som blir foreslått i denne
rapporten.
Og vidare sette ein framdriftsplan som
skal føre fram mot ein søknad om
kultivering med rognboksar. Det kan vere at vi
må gjere nokre tiltak i elva, enten før
vi kan søkje om kultivering, eller at vi
må ta nokre tiltak inn i søknaden, som
skal utførast samtidig med utsetting av
rognboksar
Organisere habitattiltak i Rikjenda og
evt i kanalen ved Vinjesanden. Om vi får
godkjent tiltaka og om vi får tilskot til
dette. Her kan også Kompetansegruppa
delta.
|