Aktivitetsplan for laget, vidare framover. Styret delegerer arbeidsoppgåver
Dei av grunneigarane som ynskjer å delta
på noko av det som står på
aktivitetsplanen er hjerteleg velkomen til å
kontakte leiar om dette.
Samtidig kjem styret til å invitere
grunneigarar på forskjellige dugnader i løpet av
2021.
Det er avtalt eit samarbeid med Valldal og
Lakseelvane på Sunnmøre, opp mot offentleg
forvalting, for å få starte opp med kultivering i
form av utsetjing av rognboksar.
Dette arbeidet er viktig. Resultat av ein stor
habitat og gyteforhold undersøking hausten 2020,
avgjer mykje om framdriftsplanen her. Rapport vil
føreligge våren 2021
Laget arbeider med ein Kultiveringsplan for elva. Denne skal
opp på omframt årsmøte seinare i 2021,
før vi sender den inn til Statsforvaltaren i
Møre og Romsdal for godkjenning.
Vi har søkt om midlar, frå
Miljødirektoratet til habitat forbetringar i Rikjenda.
Samt ei undersøking av forholda i kanalen som
går frå Stadion til nedre del av
industriområdet. Ved eit godt resultat på denne
undersøkinga, vil vi kunne etablere gyteforhold for
sjøaure her. Inne i prosjektet ligg også
finansiering av ungfiskregistrering av gytebekkane og dei 2
sideelvane, Rikjenda og Rø-elva. Dette kjem også
opp som eiga sak til årsmøtet.
Ved godkjenning av dette tiltaket, og om vi får
omsøkt tilskot, kjem laget til å
gjennomføre dette prosjektet i august –
september 2021
Vi vurderer å ta etablering og habitat forbetring av
Langhesløken i eigen regi.
Laget sitt arbeid i det komande
året.
- Vi skal ha årlege teljingar av gytefisk, i september
og oktober, heile elva.
Her må det klargjerast kva rolle OURO systemet vil ha i
elva, framover, i høve teljing
Vi er pr no ute av OURO ordninga, grunnen til dette er at VRL
og Miljødir. har satt status for elva som
god….Leiar har tatt opp dette med Fiskeridir, VRL og
Statsforvaltaren. Samtidig ligg vi inne i eit større
prosjekt i regi av LPS, dette gjer at vi uansett får
ungfisk registrering og teljing gjennom dette prosjektet. Vi
må i samråd med Kambestad – Norce AS finne
utav om vi skal gjere noko av desse undersøkingane
sjølv, eller om alt går gjennom dette
prosjektet. Røelva ligg inne her. Usikkert om
øvre del av Stavdal, med undervanns videokamera,
manuell teljing og bruk av dykkere.
Løyve frå grunneigarlag
«Nørdalsjuvet» er nødvendig, styret
tek kontakt med leiar i grunneigarlaget
- Vi skal ha teljing og registrering av yngel, i eigen regi,
i alle 6 gytebekkane og Rikjenda.
- Ungfiskregistrering i regi av LPS, anadrom sone,
Stordalselva
- Vi må ta ungfiskregistrering på delar av
Røelva sjølve.
Utførast av eigne folk som er autorisert i bruk av
el-fiske apparat
- Vi skal ha innsamling av skjellprøvar frå all
fisk som blir tatt i elva.
- Vi skal ha midtsesong evaluering - fisketeljingar i
løpet av sommaren, i eigen regi.
- Vi skal nå ut med innformasjon til grunneigarane og
dei som fiskar, når gjelder oppsynets rolle i elva. Og
med dei endringar i fisketid og fangstrestriksjonar som blir
vedtatt av årsmøtet
Kompetansegruppa i samarbeid med
styret.
- Yngeltelling i gytebekker og side elvar,
2021
- Midtsesong evaluering rundt 15. juli
- Overvåking i høve pukkel laks, dykkere
i august
- Rutine overvåking av nedre del i høve
oppdrettslaks
- Kompetansegruppa tar del i rapporter og
systematiserer de opplysninger som kommer ut av lagets arbeid
i 2021
- Kompetansegruppa fungerer som «ei
høyrings og rådgjevings gruppe» for
styret
Elveeigarlaget – Styret,
Skal arbeide vidare med sikte på å
få starte kultivering her med vekt og fokus på
rognboksar
Det blir truleg ei undersøking av kor stor påverknad isferd har for gytegrusen/rogna i elva. Eit forsøk i regi av LPS og Norce. Her må vi delta i planlegginga og delvis i utføringa av dette
Styret skal følgje opp alle undersøkelsar, teljingar og registreringar
Styret må følgje opp rapporten av
habitat og gyteforhold undersøkelsen utført i
2020
Mest truleg kjem styret til å kalle inn til eit
medlemsmøte med fokus på forskjellige habitat og
betring av gyteforhold som blir foreslått i denne
rapporten.
Og vidare sette ein framdriftsplan som skal
føre fram mot ein søknad om kultivering med
rognboksar. Det kan vere at vi må gjere nokre tiltak i
elva, enten før vi kan søkje om kultivering,
eller at vi må ta nokre tiltak inn i søknaden,
som skal utførast samtidig med utsetting av
rognboksar
Organisere habitattiltak i Rikjenda og evt i kanalen ved Vinjesanden. Om vi får godkjent tiltaka og om vi får tilskot til dette. Her kan også Kompetansegruppa delta.