Fiskeregler 2021

Nye retningslinjer for fiske etter anodrom laksefisk i sjø og elv:

https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/nyheter/2021/mars-2021/her-er-de-nye-reglenefor-laksefiske/

Stordal Elveeigarlag har innført Stordalskortet frå og med 2021.

Dette er eit forvaltingkort, , der alle, også dei av grunneigarane som fiskar, må betale inn eit eingongsbeløp på kr 100.- til laget for å få fiske i elva. Alt som kjem inn på dette forvaltingskortet skal gå uavkorta til habitat og kultiverings tiltak i Stordalsvassdraget. Kortet skal betalast med vipps til nr. 691141

Fangstrestriksjonar 2021

Sjøaure er freda og skal settast ut att. Det er ikkje lov å bruke fang og slipp, catch and release, på laks i elva for 2021 sesongen

Dei forskjellige soner har eit bestemt tall på kor mange stenger det kan fiskast med for den enkelte fiskerettshavar. Til eksempel kan Jøsvoll og Hove fiske med 4 stenger.

Kvar av desse stengene blir heretter betegna som: Ein fiskerett/stang/eit leigd kort.
Ein leigd fiskerett/stang/kort kan ikkje, av den fiskaren som har leigd, overføre denne fiskeretten til ein annan fiskar. Når dags, veke eller sesongkvote er brukt opp, skal det ikkje fiskast meir på denne fiskeretten, denne sesongen. Grunneigar kan ikkje leige denne ut på nytt til ein annan fiskar
Ein fiskerett kan leigast ut til fleire på deling. Det er grunneigars rett til å velje måten han vil leige ut på. MEN, restriksjonane gjeng på fiskeretten og må delast på dei som leiger fiskeretten.
På kvar fiskerett/stang/leigd kort kan det fiskast 1 laks på ei fiskeøkt opp til 16 timer – delt økt.
Og maks 2 laks på heil dag.
Det kan ikkje fiskast meir enn 2 laks pr fiskerett/stang/leigd kort, pr veke.
Og maks 5 laks pr fiskerett/stang/leigd kort pr sesong.

Det er innført ein personleg fangstkvote for laks pr person på maks 5 laksar for sesongen 2021, uavhengig av kva sone du fiskar på.


-- Printa ut frå Stordal Elveeigarlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as