Langsætrane består av to
stølar, Kvitlane og Pusken. Her hadde
dei 40 nederste gardane i bygda
sommarsæter. Langsætrane var
såleis dei største samla
sæter-stølane på Vestlandet.
Ein kan rekne med at det var
sæterdrift på Langsætrane
fram til midten av 1950 - talet.
Etter den tid har svært mange av dei
gamle sæterhusa forfalle og kome bort.
Men ennå kan du sjå att
kombinerte sæterhus med sel og
fjøs under. Dette var den klart
vanlegaste byggeskikken. Stordal Sogelag
har skreve eit omfattande temahefte om
Langsætrane, stølane Pusken og
Kvitlane.
I dag er her ei mengd hytter i
Langsæterområdet. Stordal Sogelag
arrangerte sommaren 2005
LANGSÆTERDAGANE over tre dagar til
ende. Sjå programma under Kva skjer.
Langsæterdagane. For at du skal
få eit bilde av korleis
sæterdrifta gjekk føre seg i
eldre tider på Langsætrane, tek
vi i det etterfylgjande med
FRÅ LANGSÆTRANE I ELDRE TIDER.
Men først nokre innleiande
orienteringer.
STORDALSVASSDRAGETS ØVRE DEL OG
LANGSÆTEROMRÅDET.
Frå dei innerste nedslagsfelta til
Stordalsvassdraget og ned til fjorden er
det ca. 25 km.
NEDSLAGSFELTA / TILSIGSOMRÅDA / VATNA
OG ELVANE ER:
* Espedalsbotn, Espedalselva
* Storvatnområdet
* Isljevatnområdet med Yste
Brynebotn
(Inste Brynebotn, vatnet og elva renn ned i
Innfjorden)
Elvane frå Storvatnet og Isljevatnet
møtest i Elvabytet Elva herfrå
får tilsig frå Storådalen,
vatn og elv.
* Dyrdalen, vatn og elv
* Jolbotnelva
* Kleivabotn, vatn og elv
Vatnet frå disse områda samlast
til byrjinga av Storelva mellom Kvitlane og
Pusken
DEI SENTRALE STØLSOMRÅDA,
LANGSÆTRANE, PUSKEN OG KVITLANE
Disse ligg ca. 2 km ovanfor øverste
garden i bygda, Overøye, og kunne for
så vidt vore ein eigen gard eller to
ovanfor denne øvste garden.
Langsætrane ligg ikkje høgare
over havet enn Overøye og graset kjem
omtrent samstundes i sæterområda
som på Overøye. Beiteområda
til Langsætrane er betydelege i
utstrekning og omfattar ovanståande
beskrevne område over nedslagsfelt
etc. Frå Langsætrane til dei
inste beiteområda er det 3 - 5 km,
altså snakkar ein om svært store
støls- og beiteområde.
SÆTERRETTIGHEITENE TIL
LANGSÆTEROMRÅDET
Det er gardsbruka nederst i Stordal; Hove,
Vinje, Midtbust, Øvrebust, Kvammen og
Kirkebø som har rettigheitene til
disse områda. Tilsaman 200
mjølkekyr og ca 100 geiter beita i
disse områda på det meste (1945).
Hertil var der mykje ungdyr og sauer.
FUNN FRÅ ELDRE TIDER I
LANG-SÆTEROMRÅDET
Det er registrert fylgjande:
* Ved Litlevatnet, 2 hellere
* Ved Storvatnet, 2 tufter
* Ved Langsætra, 1 tuft
* I Dyrdalen, 1 bogestelle
* I Overøye,yngre jernalder, spyd
BRENSEL, VED OG TORV I
LANGSÆTEROMRÅDET.
Til å drive så store stølar
som Langsætrane trongst det mykje
brensel. Det var heilt opp til nyare tid ,
for 50 år sidan, hogt ved i heile
området rundt sætrane. Likeleis
var det drive omfattande skjering av torv.
Det stod ei rekkje torvløer i
området. Frå fleire århundre
attende er det funne store mengder
tyrirøtter og furustammer i myra. I
eldre tider var her nok store furuskogar i
heile Langsæterområdet og i
Seljebotn.
FISKE, FANGST OG JAKT
I dei mange vatna og elvane i området
var det nok eit rikt fiske etter aure og
kræ frå dei eldste tider.
Både dalefolk og bygdafolk dreiv dette
fisket. Det er fortalt fleire historier om
at ein fekk stor aure i fleire av vatna i
eldre tider. Snarefangst etter ryper og
hjortejakt har vore drive i
Langsæterområda så langt
attende ein kan minnast og frå dei
tidlegaste tider.
ROVDYR; BJØRN,ULV OG REV
Det vert fortalt frå Jøsvoll at i
1760 var ulven så nærgåande
at det var farleg å ferdast mellom
gardane i området. På stabburet
på Jøsvoll hang i gamal tid ei
rad med ulv-og bjørnehaud. Det blei
fortalt om 3 bjørnar i Jøsvoll og
Stavdalsområdet i 1877. Bjørnane
for vidare fram gjennom Seljebotn og over
til Valldal der dei blei skotne. Rovdyr var
nok ei svært alvorleg plage både
for gards-og sæterdrifta i Stordal i
eldre tider. Siste gong det var ulv i
Toregarden var rundt århundreskiftet
FOKHAUGEN
Navnet Fokhaug er nevnt i 1656. Plassen
Fokhaug er nemnd i 1692 då Nils og
Peder Fochaug tilsaman betalte 2 ort i
husmannsskatt. På denne tida var Hove
- Midtbust - Øvrebust og Fokhaug ein
del av Giskegodset. Dette syner at det var
ein samanheng mellom gardane nede i bygda
og plassen Fokhaug. Det er registrert 3
tufter etter dei som har budd på
plassen.
TROLLKIRKEGARDEN
Ved Elvabytet kan ein registrere avtegning
av eit halvsirkelforma gjerde med ein
naturleg haug i midten. Det er ein port i
gjerdet med oppreiste heller. Går ein
opp i fjellsida kan anlegget observerast
som ein heil sirkel. Det er mogleg at
sjølve namnet Trollkirkegarden ikkje
er så særs gamalt. Men truleg er
dette rester etter svært gammal
møteplass der folk frå bygdelaga
Stordal, Tresfjord, Måndalen, Innfjord
og Valldal møttest til marknad, stevne
og kappleik.
GLIMT FRÅ PUSKEN PÅ
LANGSÆTRANE I ELDRE TIDER
Dette er fortalt av Peder J. Hove
Langsætrane har frå uminnelege
tider høyrt til gardane nederst i
bygda - Hove-Vinje- Kvammen- Busengdal-
Kirkebø- Midtbust- Øvrebust. Det
hadde ikkje vore mogeleg å drive
på same viset om dei ikkje hadde disse
overlag gode sommarbeita. Ingen veit noko
eksakt tal for når denne sætringa
tok til, men det er mykje som tyder på
at det truleg var ein gong på
1600-talet. Men som sagt, ingen veit noko
sikkert om det.
Det var vanleg å flytte på
Langsætrane kring Jonsok. Før det
hadde det vore sætring på
Høvsnakken for Hoves del . Det var
oftast 14 dagar dei var der, somme tider
lenger. Ein gjekk då opp om kvelden og
mjølka, låg der natta over,
mjølka om morgonen og tok mjølka
ned att då. Det var eit styr med
å flytte buskapen på
sætrane. Mangt å ordna med.
Før ein kom så langt, hadde
karane vore framme og laga til ved for
sommaren. Bruene skulle leggjast på
over Dyrdalselva, to bruer, ei for geitene
og ei for kyrne. Også bruer over
Jolbotnelva og Innfjordelva. Det gjekk med
mykje ved på ein sommar, spesielt for
Hallvars- og Toregarden som hadde 45 - 50
geiter kvar.
Ein trong mykje ved til ostekoking. Veden
vart hogd på ulike stader alt etter
ver og føre. I vintrar med god
oppebære vart det hogd langt frå
stølen slik som i Fokhaug-lia og
Storlia. Då kunne ein bruka hest og
det var lettvint å køyre på
isen fram i Storlia. Det vart også
prøvd med fløting i Stilleelva.
Det skulle ordnast i fjøsane, sjå
etter kubanda, spa ny lyngtorv i
båsane, gjere klar
avkjølingskassene, sjå etter at
vegen til meieriet var nokonlunde farbar.
No kunne kyrne jagast fram, geitene var
vanlegvis 14 dagar før kyrne, dei var
meir nøysame. Å jage kyrne fram
tok om lag tre timar. Det vart mykje
springing etter dei på fyrsten, dei
skulle beite i enga langs vegen og det var
ikkje populært hjå dei som
åtte marka. Men det roa seg etter
kvart og dei fylgde vegen.
Det var oftast 2-3 gardar som hadde
sæterdeie i lag. På Pusken var
det Elling, Skaffar og Sakris i lag og der
var Elise Dybdal budeie i årevis.
Når morgonstellet med dyra var ferdig
og det ikkje var noko ekstra av eitt eller
anna slag, kunne sæterdeia ta det med
ro utover ei stund. Dei som var så
heldige at dei hadde buskapar som kom heim
til kvelds av seg sjølve, so var det
forholdsvis enkelt. Buskapar som ga seg til
i marka til seinkvelds var det værre
med. Spesielt var Skaffar- og Ellingkyrne
leie slik. Dybdals-Lisa måtte som
oftast gå åt marka i 3-tida
ettermiddag. Då måtte ho heilt
inn i Elvabyte og kanskje til Espedalen i
den tida soppen var på sitt beste. Ho
kom ofte ikkje til stølen før i
mørkninga ut på hausten. Og
så var det mjølkinga
etterpå.
Anders- og Nils- og Syvergarden hadde ei
budeie , Olivia Eidsvik, til å
sætra for seg. Ho var so overlag
mørkredd. Hallvars- Tore- og dei
på Bakeriet var i lag. Karoline
Fremseter var budeie i Toreselet.
Simå, Gurå og Gjestegarden og
på Brautne var eit sæterlag. So
var det dei på Øvrebust,
Knutgarden, Kristafor og Arne garden var
eit lag. Dei som var i lag på same
sæterlaget køyrde sæterlass
kvar si vike, det var som regel på
fredag. Då hadde dei med
sæterskrinet (sætermat) til
budeia for ei veke. Og tok med mjølk
og ost nedatt. Seinare vart det bygd meieri
for båe stølane. Det stod der som
hytta til Bjørn Hove no står. Det
vart nytta vatn til drivkraft for separator
og kjinne. Det var eit smørmeieri.
Nils-Pella var meierske i mange år.
Ein svært populær drikk var
fløyte og saup, (kjernemjølk).
Blanding 50-50. Ut i august var det
slått av sætergjerde, det var
slutten på slåttonna. Det var
mykje til liv på stølen medan
dette stod på. Ein brukte
sjølsagt berre ljå her. Eg kan
hugse at graset på Hallvars- og
Toreteigane var mykje lenger-tjukkare i
rota og grønare enn på dei andre
teigane fordi dei hadde god og kraftig
geitegjødsel i tillegg til
kugjødsla.
Det hende somme tider når hestane kom
på sætra og forsynte seg for
mykje av det feite fjellgraset at magen kom
i ulage. Dei bles opp i vomba (fekk ikkje
frå seg gassen i magen), dette kalla
dei "Trollet." Hesten fekk trollet. Då
var den beste råna å gå og
leie den ein tur (halde den i bevegelse).
Sæterslåtten var vanlegvis
unnagjort på ei vike, alt etter veret.
Ungdommen og sume eldre med var ofte
på Sætra i helgene, då
gjerne med grammofon og dans på
Puskebrua. Det var ei triveleg tid. So var
det fisketurar inn på vatna,
Storvatnet - Kleivavatnet.
På Kleiva var det stor fisk i
30-åra. Det var då det vart bygt
hytte der. Fyrst på krigen vart det
sett i gong arbeid på det som skulle
bli vei over Innfjordfjellet. Til det
trongst arbeidsbrakke og slik var det at
Fokhaugstova vart bygd. Vegprosjektet vart
nedlagt, og Turistforeninga overtok
Fokhaugstova. Det var fleire som hadde
torvløer. Toregarden hadde løe
ved Stilleelva nedanfor Hotellhytta. Den
var innretta med turkehjellar der torva
vart lagd til tørk. Det vart også
harva laus torvmasse som låg på
bakken til tørk i godt ver, når
det var von om det. Brenntorv vart
også utstukke og tørka og
køyrt ned til bygda. Torvstrøet
vart brukt under husdyra for å suge
til seg bløyta i for eksempel kalv- og
grisebingen. På den måten kunne
gjødselmassene aukast og ein kunne
spare på kunstgjødsla og dermed
på kronene som det alltid var forlite
av.
Ellers var det mange episodar som då
Tore-Pe skulle nedatt med torvlass. Komen
heim i "Holane", nokre bratte bakkar
nedanfor Stavdalen, (gamlevegen) losna eine
selepinnen slik at eine skjækja losna.
Dermed vrei vogna seg og også andre
skjækja brotna. Vogna for no på
sjølvstyr og farta auka. Pe kraup bak
på lasset og venta på det som
måtte kome, men det gjekk forholdsvis
bra. Hesten tok det tolegt roleg oppe
på Stavdalsbøen og ga seg til
å ete. Vogna stoppa heldigvis i eit
tre i vegkanten. Pe fekk seg nokre
fjøler og spikar til reparasjon og
bøtte skjækene. So gjekk det no
bra denne gongen også.
Vegen frå Overøye vart i slutten
av 30-åra omlagt og opprusta til
bilveg. Den nye tida var komen til bygda.
Arbeidet vart utført som pliktarbeid
dvs. at dei med størst skyld
måtte arbeide mest. Også bruene
vart bygde på denne måten. Det
var oftast drengene og sønene på
garden som var med på dette.Basen
på anlegget var ein erfaren
vegarbeidar, Johan Talberg. Arbeidet gjekk
over lang tid då dette som oftast vart
gjort mellom "ønjene". No vart det
slutt på å køyra
sæterlass. No vart det mjølkebil
og det vart slutt på meieridrifta.
Under krigen vart denne fyrt med ved og
vart heitande "Grua".
Sæterdrifta på "gamlemåten"
heldt seg fram mot 1965-åra. Då
vart det ein periode der dei la vekt
på å ha vinterkalvande kyr og
sende dei tørre på sjølvstyr
i sommartida. Kring 1985-86 vart det skipa
eit partslag (samdrift) og oppdyrking av
beite ca. 280 da. Det vart bygd fjøs
med moderne mjølkeanlegg og innleigd
røktar. Karoline- Olivia og
Dybdals-Lisa var historie. Dette gjekk godt
i 12-15 år, men pga stadig
dårligare lønsemd i
mjølkeproduksjon og overproduksjon,
samt lønsamheit generelt i landbruket
gjekk ein etter kvart trøytt. I
år 2000 var sæterdrifta for
Toregarden og nokre andre
sæterbrukarar i samdrifta slutt og
mjølkekvotane seld.
Slik gjekk det.