Langsætrane består av to stølar,
Kvitlane og Pusken. Her hadde dei 40 nederste gardane i
bygda sommarsæter. Langsætrane var
såleis dei største samla
sæter-stølane på Vestlandet. Ein kan
rekne med at det var sæterdrift på
Langsætrane fram til midten av 1950 - talet.
Etter den tid har svært mange av dei gamle
sæterhusa forfalle og kome bort. Men ennå
kan du sjå att kombinerte sæterhus med sel
og fjøs under. Dette var den klart vanlegaste
byggeskikken. Stordal Sogelag har skreve eit omfattande
temahefte om Langsætrane, stølane Pusken
og Kvitlane.
I dag er her ei mengd hytter i
Langsæterområdet. Stordal Sogelag
arrangerte sommaren 2005 LANGSÆTERDAGANE over tre
dagar til ende. Sjå programma under Kva skjer.
Langsæterdagane. For at du skal få eit
bilde av korleis sæterdrifta gjekk føre
seg i eldre tider på Langsætrane, tek vi i
det etterfylgjande med
FRÅ LANGSÆTRANE I ELDRE TIDER.
Men først nokre innleiande orienteringer.
STORDALSVASSDRAGETS ØVRE DEL OG
LANGSÆTEROMRÅDET.
Frå dei innerste nedslagsfelta til
Stordalsvassdraget og ned til fjorden er det ca. 25 km.
NEDSLAGSFELTA / TILSIGSOMRÅDA / VATNA OG ELVANE
ER:
* Espedalsbotn, Espedalselva
* Storvatnområdet
* Isljevatnområdet med Yste Brynebotn
(Inste Brynebotn, vatnet og elva renn ned i Innfjorden)
Elvane frå Storvatnet og Isljevatnet
møtest i Elvabytet Elva herfrå får
tilsig frå Storådalen, vatn og elv.
* Dyrdalen, vatn og elv
* Jolbotnelva
* Kleivabotn, vatn og elv
Vatnet frå disse områda samlast til
byrjinga av Storelva mellom Kvitlane og Pusken
DEI SENTRALE STØLSOMRÅDA,
LANGSÆTRANE, PUSKEN OG KVITLANE
Disse ligg ca. 2 km ovanfor øverste garden i
bygda, Overøye, og kunne for så vidt vore
ein eigen gard eller to ovanfor denne øvste
garden. Langsætrane ligg ikkje høgare over
havet enn Overøye og graset kjem omtrent
samstundes i sæterområda som på
Overøye. Beiteområda til Langsætrane
er betydelege i utstrekning og omfattar
ovanståande beskrevne område over
nedslagsfelt etc. Frå Langsætrane til dei
inste beiteområda er det 3 - 5 km, altså
snakkar ein om svært store støls- og
beiteområde.
SÆTERRETTIGHEITENE TIL
LANGSÆTEROMRÅDET
Det er gardsbruka nederst i Stordal; Hove, Vinje,
Midtbust, Øvrebust, Kvammen og Kirkebø
som har rettigheitene til disse områda. Tilsaman
200 mjølkekyr og ca 100 geiter beita i disse
områda på det meste (1945). Hertil var der
mykje ungdyr og sauer.
FUNN FRÅ ELDRE TIDER I
LANG-SÆTEROMRÅDET
Det er registrert fylgjande:
* Ved Litlevatnet, 2 hellere
* Ved Storvatnet, 2 tufter
* Ved Langsætra, 1 tuft
* I Dyrdalen, 1 bogestelle
* I Overøye,yngre jernalder, spyd
BRENSEL, VED OG TORV I
LANGSÆTEROMRÅDET.
Til å drive så store stølar som
Langsætrane trongst det mykje brensel. Det var
heilt opp til nyare tid , for 50 år sidan, hogt
ved i heile området rundt sætrane. Likeleis
var det drive omfattande skjering av torv. Det stod ei
rekkje torvløer i området. Frå
fleire århundre attende er det funne store
mengder tyrirøtter og furustammer i myra. I
eldre tider var her nok store furuskogar i heile
Langsæterområdet og i Seljebotn.
FISKE, FANGST OG JAKT
I dei mange vatna og elvane i området var det nok
eit rikt fiske etter aure og kræ frå dei
eldste tider. Både dalefolk og bygdafolk dreiv
dette fisket. Det er fortalt fleire historier om at ein
fekk stor aure i fleire av vatna i eldre tider.
Snarefangst etter ryper og hjortejakt har vore drive i
Langsæterområda så langt attende ein
kan minnast og frå dei tidlegaste tider.
ROVDYR; BJØRN,ULV OG REV
Det vert fortalt frå Jøsvoll at i 1760 var
ulven så nærgåande at det var farleg
å ferdast mellom gardane i området.
På stabburet på Jøsvoll hang i gamal
tid ei rad med ulv-og bjørnehaud. Det blei
fortalt om 3 bjørnar i Jøsvoll og
Stavdalsområdet i 1877. Bjørnane for
vidare fram gjennom Seljebotn og over til Valldal der
dei blei skotne. Rovdyr var nok ei svært alvorleg
plage både for gards-og sæterdrifta i
Stordal i eldre tider. Siste gong det var ulv i
Toregarden var rundt århundreskiftet
FOKHAUGEN
Navnet Fokhaug er nevnt i 1656. Plassen Fokhaug er
nemnd i 1692 då Nils og Peder Fochaug tilsaman
betalte 2 ort i husmannsskatt. På denne tida var
Hove - Midtbust - Øvrebust og Fokhaug ein del av
Giskegodset. Dette syner at det var ein samanheng
mellom gardane nede i bygda og plassen Fokhaug. Det er
registrert 3 tufter etter dei som har budd på
plassen.
TROLLKIRKEGARDEN
Ved Elvabytet kan ein registrere avtegning av eit
halvsirkelforma gjerde med ein naturleg haug i midten.
Det er ein port i gjerdet med oppreiste heller.
Går ein opp i fjellsida kan anlegget observerast
som ein heil sirkel. Det er mogleg at sjølve
namnet Trollkirkegarden ikkje er så særs
gamalt. Men truleg er dette rester etter svært
gammal møteplass der folk frå bygdelaga
Stordal, Tresfjord, Måndalen, Innfjord og Valldal
møttest til marknad, stevne og kappleik.
GLIMT FRÅ PUSKEN PÅ LANGSÆTRANE I
ELDRE TIDER
Dette er fortalt av Peder J. Hove
Langsætrane har frå uminnelege tider
høyrt til gardane nederst i bygda - Hove-Vinje-
Kvammen- Busengdal- Kirkebø- Midtbust-
Øvrebust. Det hadde ikkje vore mogeleg å
drive på same viset om dei ikkje hadde disse
overlag gode sommarbeita. Ingen veit noko eksakt tal
for når denne sætringa tok til, men det er
mykje som tyder på at det truleg var ein gong
på 1600-talet. Men som sagt, ingen veit noko
sikkert om det.
Det var vanleg å flytte på
Langsætrane kring Jonsok. Før det hadde
det vore sætring på Høvsnakken for
Hoves del . Det var oftast 14 dagar dei var der, somme
tider lenger. Ein gjekk då opp om kvelden og
mjølka, låg der natta over, mjølka
om morgonen og tok mjølka ned att då. Det
var eit styr med å flytte buskapen på
sætrane. Mangt å ordna med. Før ein
kom så langt, hadde karane vore framme og laga
til ved for sommaren. Bruene skulle leggjast på
over Dyrdalselva, to bruer, ei for geitene og ei for
kyrne. Også bruer over Jolbotnelva og
Innfjordelva. Det gjekk med mykje ved på ein
sommar, spesielt for Hallvars- og Toregarden som hadde
45 - 50 geiter kvar.
Ein trong mykje ved til ostekoking. Veden vart hogd
på ulike stader alt etter ver og føre. I
vintrar med god oppebære vart det hogd langt
frå stølen slik som i Fokhaug-lia og
Storlia. Då kunne ein bruka hest og det var
lettvint å køyre på isen fram i
Storlia. Det vart også prøvd med
fløting i Stilleelva. Det skulle ordnast i
fjøsane, sjå etter kubanda, spa ny
lyngtorv i båsane, gjere klar
avkjølingskassene, sjå etter at vegen til
meieriet var nokonlunde farbar. No kunne kyrne jagast
fram, geitene var vanlegvis 14 dagar før kyrne,
dei var meir nøysame. Å jage kyrne fram
tok om lag tre timar. Det vart mykje springing etter
dei på fyrsten, dei skulle beite i enga langs
vegen og det var ikkje populært hjå dei som
åtte marka. Men det roa seg etter kvart og dei
fylgde vegen.
Det var oftast 2-3 gardar som hadde sæterdeie i
lag. På Pusken var det Elling, Skaffar og Sakris
i lag og der var Elise Dybdal budeie i årevis.
Når morgonstellet med dyra var ferdig og det
ikkje var noko ekstra av eitt eller anna slag, kunne
sæterdeia ta det med ro utover ei stund. Dei som
var så heldige at dei hadde buskapar som kom heim
til kvelds av seg sjølve, so var det forholdsvis
enkelt. Buskapar som ga seg til i marka til seinkvelds
var det værre med. Spesielt var Skaffar- og
Ellingkyrne leie slik. Dybdals-Lisa måtte som
oftast gå åt marka i 3-tida ettermiddag.
Då måtte ho heilt inn i Elvabyte og kanskje
til Espedalen i den tida soppen var på sitt
beste. Ho kom ofte ikkje til stølen før i
mørkninga ut på hausten. Og så var
det mjølkinga etterpå.
Anders- og Nils- og Syvergarden hadde ei budeie ,
Olivia Eidsvik, til å sætra for seg. Ho var
so overlag mørkredd. Hallvars- Tore- og dei
på Bakeriet var i lag. Karoline Fremseter var
budeie i Toreselet. Simå, Gurå og
Gjestegarden og på Brautne var eit
sæterlag. So var det dei på
Øvrebust, Knutgarden, Kristafor og Arne garden
var eit lag. Dei som var i lag på same
sæterlaget køyrde sæterlass kvar si
vike, det var som regel på fredag. Då hadde
dei med sæterskrinet (sætermat) til budeia
for ei veke. Og tok med mjølk og ost nedatt.
Seinare vart det bygd meieri for båe
stølane. Det stod der som hytta til Bjørn
Hove no står. Det vart nytta vatn til drivkraft
for separator og kjinne. Det var eit smørmeieri.
Nils-Pella var meierske i mange år. Ein
svært populær drikk var fløyte og
saup, (kjernemjølk). Blanding 50-50. Ut i august
var det slått av sætergjerde, det var
slutten på slåttonna. Det var mykje til liv
på stølen medan dette stod på. Ein
brukte sjølsagt berre ljå her. Eg kan
hugse at graset på Hallvars- og Toreteigane var
mykje lenger-tjukkare i rota og grønare enn
på dei andre teigane fordi dei hadde god og
kraftig geitegjødsel i tillegg til
kugjødsla.
Det hende somme tider når hestane kom på
sætra og forsynte seg for mykje av det feite
fjellgraset at magen kom i ulage. Dei bles opp i vomba
(fekk ikkje frå seg gassen i magen), dette kalla
dei "Trollet." Hesten fekk trollet. Då var den
beste råna å gå og leie den ein tur
(halde den i bevegelse). Sæterslåtten var
vanlegvis unnagjort på ei vike, alt etter veret.
Ungdommen og sume eldre med var ofte på
Sætra i helgene, då gjerne med grammofon og
dans på Puskebrua. Det var ei triveleg tid. So
var det fisketurar inn på vatna, Storvatnet -
Kleivavatnet.
På Kleiva var det stor fisk i 30-åra. Det
var då det vart bygt hytte der. Fyrst på
krigen vart det sett i gong arbeid på det som
skulle bli vei over Innfjordfjellet. Til det trongst
arbeidsbrakke og slik var det at Fokhaugstova vart
bygd. Vegprosjektet vart nedlagt, og Turistforeninga
overtok Fokhaugstova. Det var fleire som hadde
torvløer. Toregarden hadde løe ved
Stilleelva nedanfor Hotellhytta. Den var innretta med
turkehjellar der torva vart lagd til tørk. Det
vart også harva laus torvmasse som låg
på bakken til tørk i godt ver, når
det var von om det. Brenntorv vart også utstukke
og tørka og køyrt ned til bygda.
Torvstrøet vart brukt under husdyra for å
suge til seg bløyta i for eksempel kalv- og
grisebingen. På den måten kunne
gjødselmassene aukast og ein kunne spare
på kunstgjødsla og dermed på kronene
som det alltid var forlite av.
Ellers var det mange episodar som då Tore-Pe
skulle nedatt med torvlass. Komen heim i "Holane",
nokre bratte bakkar nedanfor Stavdalen, (gamlevegen)
losna eine selepinnen slik at eine skjækja losna.
Dermed vrei vogna seg og også andre skjækja
brotna. Vogna for no på sjølvstyr og farta
auka. Pe kraup bak på lasset og venta på
det som måtte kome, men det gjekk forholdsvis
bra. Hesten tok det tolegt roleg oppe på
Stavdalsbøen og ga seg til å ete. Vogna
stoppa heldigvis i eit tre i vegkanten. Pe fekk seg
nokre fjøler og spikar til reparasjon og
bøtte skjækene. So gjekk det no bra denne
gongen også.
Vegen frå Overøye vart i slutten av
30-åra omlagt og opprusta til bilveg. Den nye
tida var komen til bygda. Arbeidet vart utført
som pliktarbeid dvs. at dei med størst skyld
måtte arbeide mest. Også bruene vart bygde
på denne måten. Det var oftast drengene og
sønene på garden som var med på
dette.Basen på anlegget var ein erfaren
vegarbeidar, Johan Talberg. Arbeidet gjekk over lang
tid då dette som oftast vart gjort mellom
"ønjene". No vart det slutt på å
køyra sæterlass. No vart det
mjølkebil og det vart slutt på
meieridrifta. Under krigen vart denne fyrt med ved og
vart heitande "Grua".
Sæterdrifta på "gamlemåten" heldt seg
fram mot 1965-åra. Då vart det ein periode
der dei la vekt på å ha vinterkalvande kyr
og sende dei tørre på sjølvstyr i
sommartida. Kring 1985-86 vart det skipa eit partslag
(samdrift) og oppdyrking av beite ca. 280 da. Det vart
bygd fjøs med moderne mjølkeanlegg og
innleigd røktar. Karoline- Olivia og
Dybdals-Lisa var historie. Dette gjekk godt i 12-15
år, men pga stadig dårligare lønsemd
i mjølkeproduksjon og overproduksjon, samt
lønsamheit generelt i landbruket gjekk ein etter
kvart trøytt. I år 2000 var
sæterdrifta for Toregarden og nokre andre
sæterbrukarar i samdrifta slutt og
mjølkekvotane seld.
Slik gjekk det.