Stordal Turlag

Tur 5: Berilldalskoppen

Vi starta frå Nedstestølen langt oppe i Valldalen. Her går ei merka rås langs elva. Det var truande skyer, men likevel var vi åtte stykker. Greitt terreng opp Berilldalen til vi kom opp til fossen. Der var det mykje berg og kjetting til å halde seg i. I godt ver hadde det nok vore flott, men regn gjorde at det vart ganske glatt. I tillegg kom skodda, og den fantastiske utsikta vi ana var der, vart borte … i skodda. Ein og ein halv time brukte vi opp til Heimste Berilldalsvatnet. På vatnet flaut det enno is som vitna om ein litt kald sommar. Nedatt måtte vi forsere berga med varsemd, og brukte like lang tid som opp.

Fakta:
Dato: onsdag 8. august
Tidsbruk: ca. 3 t.
Antal deltakarar: 8

Sjå fleire bilder i bildegalleriet