På ei av dei lengste nettene i året,
fredag 22. juni, inviterte Stordal Turlag til
natt-/midtsommartur på Rekdalshesten. 21
personar var med, og det vart ei
uforgløymeleg oppleving.
Fredags kvelden var lun og fin, og for ein
nattur kunne det ikkje verte betre. Målet
denne kvelden var Rekdalshesten, som kneisar
782 meter over Rekdal i Vestnes kommune. Vi
starta frå Rekdalssetra, på fin
rås. Omlag 1 time og 20 minutter brukte vi
til toppen. Der vart vi belønna med ein
vakker solnedgang, himmel i raud-oransj og eit
vidt utsyn utover havet. Vi kunne sjå
forbi Oterøya, ut på Aukra,
Nordøyane og med god kikkert såg vi
fyret på Ona. Vi pausa ei stund, åt
niste og drakk kaffi, før ein litt kald
trekk sendte oss vidare.
Natta var lys, og vi tok sikte på
Urfjellet litt sør for Rekdalshesten.
Derifrå gjekk det i fint terreng ned
Langedalen langs nokre små vatn. Fiskane
vaka, og myggen hadde også vakna. Vi var
innom Røvarhytta, ei steinbu som vart
gjenreist for nokre år sidan. Det var
verkeleg eit flott arbeid som er lagt ned her.
Frå Røvarhytta gjekk det bratt ned
langs Tverrfossen, før vi igjen kom til
Rekdalssetra.
«Vi skal ikkje sova bort sumarnatta
– ho er for ljos til det» - og det
gjorde vi ikkje denne natta. Etter 5 timars
gange i fjella rundt Rekdal, gjorde det godt
å kome heim i 4-tida. Slitne, men rike
på opplevingar.
Fakta:
Dato: fredag 22. juni
Tidsbruk: ca. 5 t.
Antal deltakarar: 21
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet