Stordal Turlag

Tur 3: Liafjellet

Det er kjekt å oppleve fjell i andre kommunar, og onsdag 6. juni tok Stordal Turlag turen til Sjøholt og Liafjellet i strålande solskin.

Liafjellet er toppen over Sjøholtsranda. Det er to plassar ein kan gå opp, frå Solnørdalen eller frå Abelset. Etter litt diskutering valde vi det siste alternativet. Vi køyrde utover mot Abelset, tok inn på ein veg opp til Kleivane. Turstien var merka, og lett å finne. Det var mykje skog og veldig vått i byrjinga. Vi måtte ganske høgt før vi fekk sjå utover, men då var det ei fantstisk utsikt. Heit mot toppen var råsa vanskelegare å finne, men retninga var klar. Ca ein time brukte vi opp.

Toppen ligg på 528 meter over havet, og ein ser frå Skotshalsen, Gausnestoppen, Sjøholt, gardane i Furstranda over fjorden og utover mot Skodje. Vi skimta også Sukkertoppen og Godøya. To cruiseskip på veg frå Geiranger glei forbi på blå fjord.

Vi gjekk same vegen nedatt, og stoppa på ein kiosk og tok oss ein velfortent softis til slutt.

Fakta:
Dato: onsdag 6. juni
Tidsbruk: ca. 2,5 t.
Antal deltakarar: 13

Sjå fleire bilder i bildegalleriet