Stordal Turlag

Tur 2: Blåhornet

Det var ein flott onsdagskveld i mai, sola skein, og ni frå Stordal Turlag tok turen til Eidsdalen for å gå på Blåhornet. Blåhornet er fjellet med ei mast ved Kilsti, ein ser det frå Linge.

Vi parkerte ved ei løe høgt oppe på Kilsti, og gjekk «beinevegen» oppover. Litt snø låg att, men vi likevel ganske tørrskodd oppover. Orkanen Dagmar hadde tydlegvis herja her også, det var m ange furutre som hadde måtte gitt tapt. Vi brukte 50 minutter til toppen. Her fekk vi flott utsikt over fjord og fjell, frå Stranda, Liabygda og inn til Valldal. Litt nedafor toppen såg vi rett ned i Verpesdalen og på Flåna.

På tilbaketuren gjekk vi ned mot Kilstisætra. Her var ei brattare rås enn den vi kom opp. Vi såg no opp på Blåhornet, og kunne sjå at det var stupbratt frå kanten der vi sto ned til Verpesdalen. Vi fylgde kanten langs Verpesdalen, og passerte råsa som gjekk ned dit. Vi kom ned til Kilstisætra og gjekk langs Kilstivatnet, der det framleis låg mykje is.

Fakta:
Dato: onsdag 23. mai
Tidsbruk: ca. 2,5 t.
Antal deltakarar: 9

Sjå fleire bilder i bildegalleriet