Onsdag 9. mai hadde turlaget sin første
tur for sesongen. Målet var Sukkertoppen
på Hessa i Ålesund. 9 turgåarar
var med på turen. Veret var skiftande,
frå ei regnbyge til flott solskin.
Heldigvis mest av den sistnemnde sorten.
Vi parkerte ved skulen på Hessa, der er
det eit lite stykke med veg, før vi tek
inn på skogsråsa. Det har tydlegvis
regna ein del meir i Ålesund enn i indre
fjordstrok, så det var mykje gjørme
og sleipt føre. Starten av turen har
ganske lett stigning. Omlag midtveis passerar
ein den store julestjerna som lyser opp
desembermørkre, sponsa av klubben "Real".
Råsa vidare er prega av meir berg, og litt
klyvjing må til. På toppen fekk vi
eit fantastisk utsyn utover mot Godøya,
Vigra, Brandal på Hareidslandet. Ser ein
den andre vegen, skimtar vi Lauparen og dei
andre flotte fjelltoppane innover. På
varden på Sukkertoppen er der ei
støypt tavle som viser dei toppane vi ser.
Vi brukte vel 1 time og 20 minutter opp i
behageleg tempo.
Fakta:
Dato: onsdag 9. mai
Tidsbruk: ca. 2,5 t.
Antal deltakarar: 9
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet