Det var ein dag med veldig ustadigt ver,
likevel vart turen til Ljøbrekka ein flott
opplevelse. Heile 14 stk trossa veret, og var
med på tur. Vi køyrde til Herdalen i
Stranda, der råsa over Ljøen startar.
Fint terreng i starten opp til eit lite vatn.
Derifrå går det
”Trollstig-svingar” oppover
Herdalsbrekka. Der kom også skodda
sigande, og vi såg ikkje stort på ei
stund. Vi fylgde råsa etter merking, men
den førte oss i feil retning. Vi kryssa ei
skråning med kjerr, og kom innatt på
rett spor, langs nordvestsida av Nykkjevatnet.
Dermed gjekk vi langs vatnet på rett side.
Skodda letta, og frå Ljøsætra
kunne vi skue utover Geiranger- og
Synnylvsfjorden. Vakkert! På veg nedatt
dei 35 svingane i Ljøbrekka ved Hellesylt,
passerte vi vegstubben som tyskerane starta
å lage under 2. verdskrig. Det vart ikkje
noko av vegen, men flott oppmuring var det no
uansett.
Fakta:
Dato: onsdag 10. august
Tidsbruk: ca. 2,5 timar
Antal deltakarar: 14
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet