Turlaget sin første topptur i år. Vi
var heldig med veret, og 19 personar var med
på turen. Møre og Romsdal Fylke har
ein eigen turportal www.morotur.no og turen var
ein av 20 turar som ”kick-off” for
satsinga. Turen var annonsert i media i fylket,
og dermed var vi så heldige å ha med
også folk utanom kommunen.
Starten var frå Mo, opp til Mosætra
på 450 moh. Lett å finne fram hit,
litt bratt opp, men heilt fint å gå.
Vidare gjekk vi råsa mot Moheia, som
går bak det øverste selet. Moheia er
ei flate med litt myr, vi passerer den og set
kursen mot sjølve Mohornet på 883
moh. Hit opp brukte ca 2 timar. Vi rastar kort
her, før vi set kursen mot målet for
dagen: Storheimshornet. Det er litt ur og
snøbrear på veg til toppen.
Toppunktet/varden ligg på 1048 moh, og opp
hit brukte vi i alt litt over 3 timar. Her tok
vi pause med utdeling av premiar frå
Morotur – headneckers i fine fargar.
Utsikta frå varden på Storheimshornet
er mot dalane og andre fjell. Vi gjekk vidare
ned mot kanten, der vi fekk ei skikkeleg god
utsikt over Stordalen og fjorden. Herifrå
gjekk vi bratt ned til Rikjendbotnen og over
elva Rikjenda. Herifrå er det ganske flatt
innover, før det går ned frå
Reset til Mebusætra. Nokre sprekingar tok
også med seg ein tredje topp på
vegen; Turrnausa på 678 moh.
Siste samling var på Mebusætra, der
vi åt siste sjokoladebitane og dei
tørka aprikosane. Vi kom ned på
Midtbust etter 6,5 timers gange.
Fakta:
Dato: søndag 26. juni
Tidsbruk: ca. 6,5 timar
Antal deltakarar: 19
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet