Turlaget tok turen til Skodje, denne varme
onsdags ettermiddag. Der skulle Frostadtind
på 801 moh bestigast. 21 var med på
turen, og kjekkt var det at også nokre
småtauser var med.
Vi køyrde omlag ein time frå Stordal,
til Skodje, mot Fylling og litt forbi
Høgsætra. Grethe Høyberg var
turleiar. Det var lett stigning heile vegen og
råsa var lett å finne. Vi brukte
omlag ein time opp.
Vi rasta på toppen ved ein stor varde.
Utsikta var mot Ørskogfjellet på eine
sida og mot Fiksdal/Tomrefjord på motsatt
side. Skodda kom no veltande frå
Romsdalsida, så vi byrja å tenkje
på nedturen. Heldigvis vart den verande
på den sida, og kom ikkje i vår veg.
Vi tok ei anna rute nedatt, over Vardtua, langs
ryggen ned til Engesetbotnen. Vi kom ned til
Høgsætra, og følgde vegen
tilbake til der bilane var parkert.
Ein lett og fin tur som kan anbefalast til
alle.
Fakta:
Dato: onsdag 22. juni
Tidsbruk: ca. 2,5 timar
Antal deltakarar: 21
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet