Onsdag 8. juni var det endeleg eit lite opphald
i det ustabile veret som har vore i heile
mai-juni. Turlaget hadde tur frå Dyrkorn,
utom tunellen og ned til Fjellestøa, 14
personar var med.
Turlaget har på fleire turar gått i
fotefara til Fokhaug Ola og Kjersti. Først
på Fokhaugtuftene i 2009, der Kristian
Almås fortalde frå historia. I 2010
var turlaget på Fjelle over Dyrkorn og
såg på tuftene etter husa dit dei
flytta for 300 år sidan. No var det
båtstøa som skulle få eit
besøk.
Turen utom tunellen frå Dyrkorn er ein
triveleg rusletur. Her er asfaltert, lett
å gå for både store og små.
Litt før siste svingen før
Kokarsteinen, hadde turlaget rydda råsa
ned til sjøkanten. Der er eit raudt merke
på autovernet, viss fleire vil gå
ned. Det er bratt ned, og ikkje tiltrakka. Litt
lause steinar og glatte partier kan forekome.
Det er ikkje langt å gå.
Det er ikkje mykje igjen av støa no. Gamle
folk kunne enno huske at der hadde vore restar,
ikkje av naust, berre ei stø. Vi såg
der den mest sansynleg hadde vore.
Fakta:
Dato: onsdag 8. juni
Tidsbruk: ca. 2 timar
Antal deltakarar: 14
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet