Stordal Turlag

Tur 15: Snaufjellet

Siste turen for Stordal Turlag i 2011. Veret var litt ustabilt, men dei 5 mest trottuge turgåarane var likevel innstilt på tur. Vi gjekk opp frå saga på Giskemo. Det var skogsveg opp til Lisetsætra. Derifrå rås til gamle Lisetsætra, og vidare opp mot Snaufjellet. Når vi nærma oss toppen måtte vi gå gjennom litt snøv som hadde lagt seg, og veret vart også ganske surt. Men vi kjempa oss gjennom vind og sludd og snøv, og fekk skrive oss inn i boka på toppen.

Fakta:
Dato: søndag 9. oktober
Tidsbruk: ca. 3 timar
Antal deltakarar: 5

Sjå fleire bilder i bildegalleriet