Seinhaustes er det heller få som går
tur med Stordal Turlag, men ein trottug gjeng
på 5 møtte opp. Målet var
Ringsetsætra i Liabygda.
Vi køyrde opp Ringset, og gjekk
derifrå på ein skogsveg. Det var litt
yr, men ikkje så gale at det gjorde noko.
Første delen av tureg gjekk gjennom eit
saudegjerde, der vi ottast litt på verane
som skulte på oss. Verane konsentrerte seg
om etinga, heldigvis, og vi kunne late att
grinda utan ein olm ver etter oss.
Turen opp til Ringsetsætra tok ein halv
time, vi tok ein kort pause før nedturen.
Litt skymt når vi kom nedatt, så
denne turen hadde passeleg lengde i høve
årstida.
Fakta:
Dato: onsdag 5. oktober
Tidsbruk: ca. 1 time
Antal deltakarar: 5