Litt regn skremmer ikkje ein ekte
fjellentusiast, og dette var nok mottoet til
dei ni som var med Stordal Turlag søndag
11.september.
Målet for dagen var Seljebotntind, 1531
m.o.h. og det høgaste fjellet i Stordal
kommune. Meterologane varsla regn, så det
var ikkje sjølvsagt at turlaget kom seg
heilt til topps. Seljebotntind ligg som namnet
seier framst i Seljebotn, ein sidedal frå
Nørdalen ved Overøye.
Turen opp gjekk først fram i botnen, opp
til Uriskarbotnen. Derifrå går det
strake vegen opp gjennom ur og laus stein. Eit
parti må vi klyve opp, og eit tau kom godt
med. Seljebotntind kneiser over oss, og
vergudane slepper små regnskurar, men
ikkje så mykje at vi snur.
I eit lite søkk på 1100 meters
høgde, har brevatnet samla seg. Her tek vi
rastepause, no treng vi litt energi til siste
oppstigninga. Som høge fjell flest, er det
steinen som råder. Små planter og lav
finn seg sine plassar og klamrar seg fast, til
forundring for oss som passerar.
Dei tre majestetiske vardane på toppen
ønsker oss velkomen, og byr på ei
fantastisk og luftig utsikt. Vi ser
Seljebotnen, alpinløypa på
Overøye. Mot Valldalsida ser vi
Syltefjellet, Norddalen og Tafjorden langt der
inne. Sunnmøre sin fjellverden viser seg
fram. Fjelltoppar vert identifisert – der
er Lauparen, Rolvsbotnskorkja, Ådalstind,
Torvløysa, Ormula… og slik
fortsetter det.
Turen ned vert ikkje mindre hard. Regn på
mosekledde steinar gjer at ein må vokte
sine steg. Det går bra, alle kjem seg
heile nedatt. Litt saudesanking tek vi med
på vegen. 10 «Langhaug-saudar»
kjem heimatt frå sommarbeite attmed oss.
Fakta:
Dato: søndag 11. september
Tidsbruk: ca. 7,5 timar
Antal deltakarar: 9
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet