Det var ein onsdagskveld med truande ver, men
åtte optimistiske turdeltakarar. Talberg
ligg i Nørdalen, på andre sida av
elva. Det er fin rås opp til
Talbergsætra, gamlesætra og vidare
innover dalen. Vi kom litt skeivt på
vatnet, og måtte derfor gå ein del
gjennom krattskog. Det vart skymt, og skodda
låg lavt, så det vart ein rask tur
utan så mykje pauser.
Fakta:
Dato: onsdag 25. august
Tidsbruk: ca. 2 timar
Antal deltakarar: 8
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet