Stordal Turlag tok turen inn til Muldalsvika
denne onsdagskvelden, og målet var
Tafjordsætra via Muldalen. 15 personar
møtte opp, og veret var lunt og fint.
Frå Muldalsvika rett før Tafjorden,
går det skogsvei opp til Muldalen. Dei to
bruka på Muldalen er velhaldne, og dei
siste åra har det vore gjort forsøk
på å drive garden på sommarstid.
Opp til Muldal er det ca. 45 minuttars gange
på bratt veg. Vi gjekk forbi Muldal
innover dalen til Tafjordsætra. Råsa
inn var lett å følgje, og det var
heller ikkje så mykje stigning her.
Ei flott bru leda oss over elva, og til ei
siste bratte opp til Tafjordsætra. Her
låg det gamle, nedramla sel og litt nyare
hytter som tydlegvis er i bruk. Bak sætra
låg nokre imponerande kampesteinar som
moder natur ein gong har kasta nedover frå
det bratte fjellet over. Ikkje så fint var
alt skrotet som nokon på to bein har kasta
mellom desse steinane.
Fakta:
Dato: onsdag 11. august
Tidsbruk: ca. 3 timar
Antal deltakarar: 15
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet