Stordal Turlag

Tur 14: Gregorshornet

Årets siste tur vart ei vindfull oppleving. Dagen starta med trugande skyer, likevel hadde 10 tøffingar møtt opp. Vi gjekk først på skogsveg opp på Løsetnakken, og fortsatte rett opp derifrå. Vi fann ikkje rås, så det vart ein del trasking i ulendt terreng. Over skoggrensa gjekk det greiare. No byrja det å regne og blåse. Vi hadde ein kort stopp før toppen, og fekk i oss litt mat. Det var skikkeleg ruskever, og ein kunne knapt stå opprøyst på toppen, 1116 m.o.h. På slike turar ser ein kor viktig det er med skikkeleg klede.

Etter toppen av Gregorshornet, eller Griggåshønje som Stordalingane seier, gjekk vi nedatt på sørsida. Vinden var like ille her, så no var det om og gjere å kome fort nedatt.Vi var innom Pesætra, før vi gjekk vegen nedatt til Løset.

På slike turar kjenner ein verkeleg at ein lever, når elementa rasar.

Fakta:
Dato: søndag 3. oktober
Tidsbruk: ca. 5 timar
Antal deltakarar: 10

Sjå fleire bilder i bildegalleriet