Stordal Turlag

Tur 9: Giskemonibba

Kort tur til flott utsikt

Dette var ein ny opplevelse for dei 10 som var klar for fjelltur denne onsdagskvelden. Ørskogfjellet var eit uutforska område for oss Stordalingane. Turleiar Reidun hadde fått grundig turbeskirvelse, og det var ikkje vanskeleg å finne fram.

Vi køyrde til Ørskogfjellet, tok av til Kvanndalsætra på ein humpete kjerreveg. Ved brua parkerte vi og gjekk til fots vidare. Det er godt skilta der råsa byrjar, litt før sætra.

Turen gjekk på godt opptrakka rås i lett terreng. Berre siste delen hadde litt stigning.

Vi brukte 40 minutter opp på toppen, 687 m.o.h. Her fekk vi sjå Sjøholt og Ørskogfjellet frå ein uvant vinkel. Sola glimta til mellom skylaget, og laga fantastisk lysstripe over havet ved Ålesund. Vi kunne sjå heilt ut til Aksla og Godøya.

Veret slo om, og det byrja å regne. Vi gjekk i rask gange nedatt. Ein regnboge tipsa oss om gullskatten på Ørskogfjellet.

Fakta:
Dato: onsdag 2. September 2009
Tidsbruk: ca. 2 timar
Antal deltakarar: 10

Sjå fleire bilder i bildegalleriet