Stordal Turlag

Tur 8: Stordalsholmen-Ansok

Tur i flott natur

Søndag var heile 32 personar med Turlaget på tur i eit (for dei fleste) nytt og ukjent terreng. Ikkje berre Stordalingar og Sunnmøringar var med, men også folk som opprinneleg kjem frå Nederland, Tyskland og Polen.

Turen starta med båt til Holmeneset, rett innai Holmen. Råsa var noko bratt, men godt opptrakka og merka. Det er visstnok betre å gå her enn frå sjølve Holmen, der det er nokre skumle bratte parti. Fjellsida her er prega av gammal skog og litt gjenngrodd kulturlandskap.

Vi passerte tuftene til Johannesplassen(seinare kallt Martaplassen) og huset på Gosseplassen som framleis er i god forfatning, men likevel prega av tidens tann. På Øvsteholmen er det eit ganske stort og godt vedlikehaldt hus. Turleiar Hildegunn kunne fortelje om plassane vi passerte.

Vi tok pause på ein topp der vi hadde panoramautsikt over Storfjorden; frå Viset til Skotshalsen, Fausadalen i Sykkylven og inn til Stranda. Når i tillegg veret var på vår side, var det ei perfekt ramme for ein fjelltur. Hurtigruta glei forbi på fjorden langt under oss. Vi hadde no gjordt frå oss den verste oppstigninga, og hadde brukt vel to timar.

Ferda gjekk vidare på godt merka rås innover fjellet i nokonlunde flatt terreng. Vi passerte Holmesætra der det står nokre gamle sel. Vi fylgde no ytste ruta, mot fjorden, og hadde majestetiske Jolgrøhornet innai oss. Det var eit godt stykke innover, men lett å gå. Vi starta på nedstigninga, forbi dei idylliske sætrene Klebergsætra og Hammaren som tilhøyrer Liabygda, og kom ned på Ansok.

Dette var ein flott tur med fin utsikt. Litt bratt i byrjinga, men flatt og fint når vi var vel oppe. Ein tur som verkeleg kan anbefalast!

Fakta:
Dato: søndag 23. august
Tidsbruk: ca. 6 timar
Antal deltakarar: 32

Sjå fleire bilder i bildegalleriet