Ein fin seinsommarkveld tok 15 personar turen
inn i Dyrdalen.
Det er fleire plassar ein kan starte, men vi
køyrde øverst i hyttefeltet på
Puskestølen, og gjekk derifrå.
Første delen av råsa er litt bratt,
men så flatar det ut når ein kjem opp
på røra.
Derifrå er det eit godt stykke inn til
Dyrdalsvatnet. Elva var ikkje så stor, og
lett å krysse på steinar. Inne ved
vatnet ligg ei lita hytte; den går i eitt
med terrenget og er godt tilpassa snørasa
som kjem frå dei stupbratte fjella. To
båtar har dessverre blitt offer for
snørasa, og ligg i vatnet.
Fakta:
Dato: onsdag 5. august
Tidsbruk: ca. 3 timar
Antal deltakarar: 15
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet