Vermeldingane var tvetydige, men det starta bra
tidleg på dagen.
8 personar var klare til tur. Vi starta
frå Ekre og gjekk først den bratte
vegen opp til Pesætra. Vi fortsatte opp
bak gardane, der følgde vi ein skogsveg
innover. Vi passerte sela på Reset, og
gjekk vidare innover Lisjebotnen. Råsa
frå Reset inn i botnen er godt trakka og
lett å følgje. Med alt regnet som
hadde vore, var det veldig vått i marka,
og råsa var mest som ein bekk. Vel 2,5
time brukte vi inn til Karlstad. Her er ei
steinhytte som Tafjord Kraft eig, og som vart
brukt når dei jobba med kraftlinjene.
Vi hadde følgje med nokre hjortejegarar,
som skulle jakte i Lisjebotnen. Dessverre hadde
det ikkje blitt noko hell på dei denne
dagen .
Vi gjekk no oppover i retning
Rødsetskaret, som går mot Valldalen.
Før skaret svinga vi mot tinden. Turen opp
gjekk på omlag ein og ein halv til to
timar. Det var bratt, men ingen spesielt
vanskelege parti. Vi gjekk gjennom mykje ur og
stein. Vi hadde utsikt til Norddalsfjorden og
Norddalen på tur opp.
Vel oppe på toppen på 1495 m.o.h. var
ei flott utsikt, men dessverre gjorde mykje
skodde at vi berre tidvis fekk sjå utover.
Vi fekk likevel glimt av Geitabotnen som har
gitt tinden namnet, Overøye og Norddalen.
Det var også vind og antydning til
snø, så opphaldet på toppen vart
kort. Vi tok ei litt anna rute nedatt.
Fakta:
Dato: søndag 20. september 2009
Tidsbruk: ca. 7 timar
Antal deltakarar: 8
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet