Tinderangling
Vi var 15 stykkjer som gjekk innover frå
Kvitlane. Veret var sånn passe, det kunne
gå begge vega. Første stykke gjekk
på nokolunde flatt terreng forbi Elvabyte.
Det hadde regna, og var myrlendt og vått
å gå. Før Litlevatnet skråa
vi oppover i Ytste Brynebotnen. Den beste vegen
er å gå til høgre for vatnet,
men det er også mogleg å gå
andre vegen. Vi tok pause før oppstigninga
til tinden. Vi kunne no sjå dei to
tindetoppane på Trollvasstind rage over
oss. Vel to timar hadde vi brukt opp til Ytste
Brynebotnen.
Vi gjekk opp eit skar og var på 995 m.o.h.
Her var det tørt, men ein del ur å
gå gjennom. Vi kunne sjå det enorme
Stortrollvatnet nedan for oss. Vi såg
også Månvatnet og ned i
Måndalen. Samtidig såg vi oppover, og
konstanterte at dette vert nok bratt!
No var det slutt på godveret, vi fekk litt
regn og vind på den brattste oppstigninga.
Og dette var skikkeleg bratt, vi måtte
klatre. Tusen takk til våre to turleiarar
Hildegunn og Jan som måtte fortelje oss
kvar vi skulle plasssere føtene for å
få feste. Alle kom seg opp(og
forsåvidt nedatt) dette bratte partiet.
Omlag to timar brukte vi på oppstigninga.
Ein får ein voldsom følelse av
høgde på toppen av Trollvasstind,
1422 m.o.h. På baksida, mot Dyrdalssida
stuper det rett ned omlag 700 meter. Og som
sagt, det var bratt den sida vi kom opp
også. Utsikta var fantastisk; fjell
så langt ein kunne sjå. Regnet hadde
gitt seg, men framleis bles det og var ganske
kaldt.
Vi kom oss altså velberga nedatt
også. Slitne og trøytte, men veldig
stolte over å bestige ein utfordrande
topp. Her har nokon av oss sprengt ei grense
for kva ein kan takle.
Les også vedlagte turrapport som
Leif-Erling Løvoll har skrive.
Fakta:
Dato: søndag 6. september 2009
Tidsbruk: ca. 8 timar
Antal deltakarar: 15
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet