Berre dei argaste møtte opp denne
regnfulle onsdagskvelden. Det var likevel ikkje
så ille, berre ein kjem seg ut.
Turen starta frå Talberg, opp leet mellom
dei to husa. Råsa var godt trakka og lett
å følgje. Litt bratt første
delen, og så flata det ut. Ingen i
turfølge hadde gått hit før,
så på veg opp missa vi på
sjølve sætra. Vi følgde ei
rås som gjekk mot høgre.
Vi kom opp på gamle Talbergsætra
etter ca 45 minutter. Der var det kun att
steinmurar. Vi gjekk eit stykke lenger innover
dalen, til eit høgdedrag.
På nedturen fann vi også sjølve
sætra.
Fakta:
Dato: onsdag 3. september
Tidsbruk: ca. 2 timar
Antal deltakarar: 4
Sjå fleire bilder i Bildegalleriet
Tekst og foto: Ruth Janne Vinje