Berre åtte personar var klar for å
gå tur denne onsdagskvelden. Vi starta
frå Dyrkornsætra langsmed vatnet.
Derifrå gjekk turen opp på
Midtbusteggja. Dette var det brattaste partiet.
Vi hadde ikkje med nokon som hadde gått
akkurat denne ruta før, så vi streva
litt med å finne råsa. Når vi
først fann den, var det fin rås til
Mebustsætra, og vidare ned til
Midtbustgardane.
Fakta:
Dato: onsdag 6. august
Tidsbruk: ca. 3 timar
Antal deltakarar: 8
Sjå fleire bilder i Bildegalleriet
Tekst og foto: Ruth Janne Vinje