Midtsommartur til Ansokhornet
Etter ein dag med regn, klarna det litt opp, og
folk ville ut på tur. Turen starta
frå Ringset, vi køyrde bilane opp til
ein parkeringsplass der råsa starta.
Det gjekk greitt å fylgje råsa fram
til Ansoksetra, det var passeleg stigning. Vi
brukte ca. 45 minutt, og rasta ved selet.
Turen gjekk vidare bak selet, og råsa var
grei å finne fram til tregrensa.
Derifrå var det berre å gå
oppover. Det var meir stigning mot toppen, og
vi brukte ca. 2,5 time opp. Flott utsyn mot
både Norddals- og Synnylvsfjorden. To
cruiseskip passerte på veg ut fjorden.
Frå toppen (900 m.o.h.) kunne vi også
sjå innover mot Stranda og
Sunnmørsalpane.
På turen nedatt kom GPS’en til
nytte. Med den kunne vi sjå kvar vi hadde
gått opp, og såleis kome rett inn
på råsa ned til Ansoksetra.
Fakta:
Dato: onsdag 18. juni
Tidsbruk: ca. 4 timar
Antal deltakarar: 18
Sjå fleire bilder i Bildegalleriet
Tekst og foto: Ruth Janne Vinje