Stordal Turlag

Tur 3: Svartevatnet, Dyrkorn

Tur i strålande vêr.

Det nydelege vêret med sol og 25 grader, stoppa ingen frå å gå tur denne ettermiddagen.

I samla flokk dro vi til Dyrkorn, der vi gjekk frå bommen opp til Gjerdsstølen på fin grusvei. Palma Øvrebust og Ragnhild Flåen fortalde om Gjerdsstølen og sela som var der. Vi måtte over elva, på ei bru som hadde delvis knekt saman i løpet av vinteren. Med god hjelp kom vi oss trygt over. Turen gjekk i svakt hellande terreng, og råsa var grei og lett å finne. Litt snøflekkar var det her og der.

På ein snau time var vi oppe ved vatnet, 602 m.o.h. Etter ein kort rast ved enden av vatnet, gjekk dei fleste det lille stykke inn til eit flott oppmura naust.

Fakta:
Dato: onsdag 4. juni
Tidsbruk: ca. 2 timar
Antal deltakarar: 23

Sjå fleire bilder i Bildegalleriet

Tekst og foto: Ruth Janne Vinje