Stordal Turlag

Tur 11 Vadbotnhornet/Storhornet

Trass i skumle meldingar, vart det eit strålande flott haustver denne dagen. 15 personar møtte opp for å gå på topptur.

Kjell Magne Hove var turleiar. Vi starta frå langrennstraseen på Stavsengfjellet, og gjekk på skrå nordover (mot høgre) til vi traff på råsa. Litt stigning opp til første toppen; Kopphornet. Så gjekk vi opp og ned toppar i tur og orden.Over Ekrenakken til Heihornet(1033 moh), Vadbotnhornet(1205 moh - turens høgaste punkt) og tilslutt Storhornet(1181 moh). Flott utsikt heile vegen, mot dalane og fjorden, sjølv om vi ikkje såg så mykje av Stordal sentrum. Mellom Vadbotnhornet og Storhornet var ein skrent som måtte klatrast ned (7-8 meter). Turleiar hadde med tau som kunne nyttast. Ellers var det greitt terreng å gå i. Vi brukte ca 3,5 timar til Vadbotnhornet, og 1 time derifrå til Storhornet.

På Storhornet bles det godt, og det vart bestemt å legge om ruta frå den opprinnelege planen. Vi skråa ned til Fjelladalen, og gjennom skaret til Ringsetbotnen. Isbreen som brukar å ligge i skaret, var nesten heilt vekke – ingen tvil om at vi har hatt ein fin sommar i år! Vi kom ned på gardane på Stavseng.

Fakta:
Dato: søndag 21. september
Tidsbruk: ca. 6,5 timar
Antal deltakarar: 15

Sjå fleire bilder i Bildegalleriet

Tekst og foto: Ruth Janne Vinje