Stordal Turlag

Tur 7: Pesætra-Reset

Trass i noko dårlege vermeldingar, tok 8 stykker turen til fjells denne onsdagskvelden. Starten gjekk opp den noko bratte vegen opp til Pesætra.

Jan Helland var turleiar, og fortalde om gårdane og historier. Han kunne mellom anna fortelje om ein ung gut frå ein av gardane som skulle på orreleik ein tidleg morgon. Det samme skulle ein av naboane, men utan at dei visste om kvarandre. Uhellet var ute for ungguten, og naboen kom berande ned med han. Han dødde av skadene. Kven som hadde skote, var det usemje om, og 10 borns familien til ungguten selde garden og flytta derifrå.

Frå dei to gjenverande gårdane, gjekk vegen vidare i ganske vått og myrlendt terreng. Mykje nedbør den siste tida set sine spor. På Reset (Røysetsætra) var eit par velholdte hytter/sel. Vidare gjekk vi til Gamlesætra. Denne hadde vorte tatt av ras, og vart ikkje oppattbygd på same staden.

Tur vidare til Karlstad vart det ikkje, sidan det lei litt seint på kveld. I staden tok vi brua over elva og gjekk innom Øyesætra, der Jan Helland hadde ei hytte.

Terrenget var lett på denne turen. Brattast var det opp til Pesætra. Råsa var lett å finne, men litt myrlendt.

Fakta:
Dato: onsdag 5. september
Tidsbruk: 3 timar
Antal deltakarar: 8

På veg til Pesætra

Jan Helland fortel om gardane på Pesætra

Reset

Steingardane på Gamlesætra

Tekst og foto: Ruth Janne Vinje