Trass i truande regnbyger, møtte 14 stk
opp på kaia på Dyrkorn.
Råsa var godt vedlikehaldt opp til Skotet,
Storfjordens Venner held både gard og
rås i god forfatning. Trappetrinn var mura
opp av steinar der det var brattast. Litt
sleipt var det, sidan det hadde kome litt regn.
Vi brukte ca 30 minutter opp. På garden
Ytste Skotet møtte vi Idar Skotte, som
akkurat skulle på omvisning med ei
skuleklasse. Vi var så heldige å
få bli med på turen. Idar tok oss med
til dei tre gardane på Skotet, og til og
med ei sjette klasse var musestille når
han fortalde om livet på ein fjellgard.
Ein flott tur til ”ei anna verd”,
og spesielt kjekt for dei som ikkje hadde vore
på Skotet før.
Fakta:
Dato: onsdag 13. juni
Tidsbruk: 3 timer inkludert 1 times
guiding
Antal deltakarar: 14
GPS-registrering: ok
Tekst og foto: Ruth Janne Vinje