Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Kamb-Ola


Innlagt den 06.02.2008

Om Kamb-Ola som i sin tid budde inne ved Kamben på grensa mellom Stordal og Innfjord.

Av Formann i Stordal Sogenemnd Kristian Almås, august 2002

Inne ved Kamben på grensa mellom Stordal og Innfjord budde det i si tid ein mann som vart kalla Kamb-Ola. Det er lite vi veit om denne mannen. Det er sagt at han var fredlaus, men kva som kunne vere bakgrunnen for dette, er ikkje kjent. Om opphaldet her i einsemda var frivillig eller ufrivillig, er vanskeleg å seie. Dersom han hadde reiskap for jakt og fiske, er det ikkje utruleg at han kunne livnære seg av det han skaffa seg av mat i området der. Det er heller ikkje nokon som veit kvar denne mannen kom frå eller når han budde der. Han budde i ei lita stove eller hytte ved foten av fjellet. Nokon meiner at murane etter dette huset kan påvisast enno. Martinus Støle sa ein gong at desse murane skulle vere å finne i nærleiken av brønnen ved Storvasshytta. Brønnen ligg litt vestafor hytta, og Martinus Støle meinte at restane etter hyttemurane skulle vere å finne endå litt lenger mot vest. Torleiv Almås har også nemnt Kamb-Ola ein stad i det han har skrive. Han meiner at hytta låg ved fjellfoten, men noko lenger mot vest. Det er å merke at det på nokre stader går snøras nedover fjellsida om vintrane, men hytta var sikkert plassert på ein rassikker stad. Dersom nokon kan greie å finne restane etter desse murane, ville det vere noko handfast som støttar opp under det som har vorte fortalt om denne mannen. Restane etter murane ville også i seg sjølv vere eit verdfullt kulturminne.

REGISTRERING AV EI TUFT
15. september 2002 leitte eg etter tuftene etter Kamb-Ola hytta. Til mi store overrasking fann eg restar etter ei hustuft om lag 100 meter frå hytta – forbi brønnen og litt lenger utover i retning Elvabytet. Murane ligg i ei lita dekt i lendet og er godt synlege i heile omrisset. Grunnflata er om lag 2,5 m x 3,5 m. Eg tok eit par bilete, men det heile var nokså tilgrodd med skog, slik at desse vil truleg ikkje gi noko godt inntrykk av korleis det heile no ser ut. GPS-apparatet gav følgjande posisjon for tuftene: 32V0413231 UTM6921704

Etterskrift av Stordal Sogelag
Sogelaget vil til sommaren 2008 foreta vidare rydding av denne tufta og undersøkinga av denne og området rundt.

Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag