Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Dei første bilane

DEI FØRSTE BILANE I STORDAL.
OVERSIKTA I DET FYLGJANDE ER LAGA AV PEDER J. HOVE

Første bilen som kom til Stordal var ca. i 1925, ein "Duarak", trur det skrivst slik.
Den vart kalla "Darraken". Det var Peder Øie, Ole Hove, Lars Vinje og Ole Lukkedal. Den siste var sjåfør. Den hadde kjennetegn T.16 og enda sine dagar framanfor Olaløa. Bil nr. 2 var Hotellbilen, ein "Crysler" ca. 1930., mest brukt til å køyra engelske laksefiskarar og jegarar med.

Deretter kjøpte Elling-Peder ein drosjebil som vart kalla Ellingsvarten. Noko brukt til postkøyring. Så kom Gamlebrunen ca 1936. Den vart kjøpt i Oslo, ein T-Ford. Det var brørne til Lydia som ordna det. Deretter kjøpte Elling-Peder ein heilt ny Lastebil, ein V8-Ford. Den vart påmontert generator så den kunne gå på Knott,oreved. Den vart kjøpt like før 1940. Så vart det "Rauden" kring 1946-47.

Det var også andre som hadde bilar i perioden 1935-40. Mellom andre i Lianeset, ein dei kalla Lizzy, ein på Stavdal, ein personbil "Biuk" og ein lastebil, ein "Villys" Har ikkje bilete av Ola-bilane anna enn T.16.

Det var Helge Wåler som fekk tak i Fiaten i Oslo. Ein gamal modell med kalesje og handgass. Det var på den tida det var høgaktuelt med vei over Innfjordfjellet. For å vise kor lett det var over der, skulle vi køyra på oppebæra ein vinter etter krigen då det var gode forhold slik. Det var Arne Lianes, Iver Midtbust og eg som skulle prøva. Det var bitande kaldt og vi kom nesten inn til Fokhaugstova. Då vart det nokre ulydar bak i kardangen, og vi valgte å snu for ikkje å risikera havari inne på fjellet. Vi kom oss nedatt med eiga hjelp, men då var kardanghuset sprukke, innmaten øydelagt. Harald kom over ein bakaksel m/hjul og mellomaksel. Den vart sett i stand igjen og selt til Sjur-Ivar i Liabygda. Den gjekk i fleire år. Har ikkje bilete av den.

Elling-Peder hadde også ein gamal Grøn Ford. Både den og "Gamlebrunen", Villysen og mange motorsyklar vart rekvirert av tyskarane, også ein liten lastebil som Brauta-Peder hadde. Så vidt eg hugsar var det berre den Grøne Forden til Elling-Peder som vart attfunnen på Dombås.

Meieriet på Sætrane vart nedlagt i 1937 eller 1938 og då vart mjølka sendt på Stranda. Brauta-Peder hadde mjølkekøyringa.

TABELLOVERSIKT
MED TILGJENGELIG INFORMASJON
Tabell over de første bilane som kom til Stordal

Bil nr.

Biltype / bilnamn

Eigar

Til Stordal år

1

Duarak

P. Øye, O. Hove, L. Vinje, O. Lukkedal

1925

2

Chrysler, "Hotellbilen"

"Hotell-Johan"

1930

3

"Ellingsvarten"

"Elling-Peder"

Ca. 1932

4

Ford V8

"Elling-Peder"

Ca. 1937-38

5

Chevrolet mod. 1927

"Bakar-Peder"

Før 1935

6

"Lizzy", liten lastebil

Lianeset

På1930 talet

7

Buick - "Biuk"

Hilmar Stavdal

På 1930 talet

8

"Willys", gul lastebil

Hilmar og Petter Stavdal

På 1930 talet

9

Fiat, åpen kalesjebil

Toregarden

På 1930 talet

10

Lastebil, kjøpt med hjelp av Peder Øie

Brauta-Peder

På 1930 talet

11

T-Ford - "Gamlebrunen"

Ola-garden

1936

12

"Rauden"

Ola-garden

1946-47

Duarak. Eigar: P. Øye, O. Hove,
L. Vinje, O. Lukkedal.

Chrysler. Eigar: "Hotell-Johan".

Drosjebil. Eigar: Peder K. Hove. Studebaker, drosje, ca. 1932 (Ellingsvarten).
Lastebil. Ukjent merke, køyrde rute på dalen ca. 1930.

Gruå. Eigar: Peder K. Hove.

Ny-Ellingen, Ford V-8. Eigar: Elling-Peder.

Ukjent bil, framfor våningshuset til Tobias Jetmundsen Hove i Overøye.

Ukjent bil under påfylling av krigsbensin, knott.

Anleggsbiler og gravemaskin anno 1956.

Personbiler anno 1956. Frå åpninga av Dyrkornvegen.

Den første bussen som kom til Stordal nyvegen frå Dyrkorn


Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag