Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Fokhauane


Innlagt den 09.02.2008

FOKHAUANE - EIN AUDEGARD
SOM LIGG MELLOM LANGSÆTRANE OG TROLLKIRKEGARDEN
I ”Folkeminne II ” ( 1932 ) har Jørgen Gjerding skrive om Fokhauane i gammal tid.
Dette stod også i ”Sunnmørsposten” 29. sept. 1956.

Langt framme i Stordalen ein km framanfor Langsætrane (Pusken og Kvitlen) ligg ein øydegard som kallast Fokhauane. Kor lenge det hev budd folk og kor lenge det er sidan han Ola Simonsen og ho Kristi flytte derifrå, veit me ikkje med visse, men det er minst to hundre år sidan.

Fokhauane ligg på ein rabb som hellar mot sør, so der låg vel ikkje meir snø der og det tøya vel om lag like tidleg som på dei andre gardane fremst i Stordalen. Og i bakkehallet ned mot elva grodde det vel nokså snart om våren, so der var litt føde for kreatura. Nokon stor åkerbø hadde dei nok ikkje, men nokre små næpereitar og åkerbøter syner endå kring hustuftene. Etter murane å døme hev der ikkje vore so berre få hus – på Fokhauane, og når ein kjenner soga om at dei flytte derifrå med 14 naut og ein flokk smale, so er det tydeleg at der trongdest ikkje so berre lite husrom.

Langt var det til sjøs, og vegane sers mødesam, berre ei rås der ein kunde leide krøter eller klivje på hesteryggen det mest naudturvande. Bruer over elvane fanst mest ikkje i dei dagar, so det var longe bolkane det var om lag heilt uframkomm-eleg især haust og vår. Difor var det vel ikkje mange gonger om året Fokhaugfolket gjorde sjoaferd heller. Dei levde sitt einfelde naturliv her inne i fjellheimen, tolleg upåverka av både det gode og det vonde som fylgjer med kulturen nede i bygdene. Folket og krøtera hjelptest åt å få kvarandre, det var mest som ein huslyd alle saman. Og mat høyrde ein aldri det skorta på Fokhaugane.

Det var framifrå gode hamningar og slåttelier i kilometervis innover mot Innfjor-den, serleg var Kambemyrane og Kambelia godt slåtteland med mykje fint kraftig fjellgras. Der hev vore slegje gras av folk som no lever også, og høystakkstødene hev synt til no. Dei sette høyet i store såter eller stakkar og henta det heim etter-kvart dei trong, når ver og føre var lageleg om vinteren.

Noka samferdsle var det vel på Fokhaugane med, sumars dag, og især i marknads-tida om hausten. Då kom det store følgje med folk og hestar rad frå Nordfjord, frå Volda og Hjørundfjord, som skulle over Innfjordfjellet og vidare til Veblungsnes. Og desse årvisse marknadskarane var velsedde gjester på Fokhauane. Ho Kristi etla seg til med traktering åt dei lenge i fyrevegen, og ho stunda etter at dei skulle kome, so det kunne ”lette noko på brødsetningane” hennar, er det sagt. Då fekk fokhaugfolket røde ei stund med framandfolk, spyrje etter nytt frå grannebygdene og følgje med i tida.

Det var vel også ein og annan farande både fant og fagnadmann, som tydde under tak på Fokhaugane, især sumars dag, og kanskje ein kor veidemann om vinteren. Ville matnyttige dyr var det ikkje lite av i dei traktene den tida. Når dei hadde stri ærend, gjekk eller reid dei til Stordalskyrkja, fokhaugfolket. Men då dette gjekk so sjeldan på stod det vel ikkje rett klårt for henne Kristi i dette med ritualet og meir slikt som høyrer kyrkjelivet til.

Vegen var lang og presten hadde alt teke so smått til, då fokhaugfolket kom inn kyrkjedøra med ein smågut som skulle til dåpen. Ho Kristi helsa so blidt på dei alle i hop. ”Guddag du i dissa båsa, og guddag du i dissa båsa. Guddag du som i stampa står og guddag du som på tyla går. Eg har ikkje vore i kyrkja sidan eg stod for fonten og ha ’kje gått i dag heller, viss det ikkje var for glonten”

Ein annan gong hadde Kristi teke seg ein liten blund. Ho drøymde og snakka litt i svevnen: ”Ho Fokhaug-Kristi la seg 3 kalvar ein gong. Ein var svart, han sprakk. Ein var raud, han låg daud. Ein var kvit,han skit so longt som herifrå og bort på presten” – men då vakna ho med det same. At det var strevsamt liv å bu på Fokhauane er lett å skyne, og endeleg var han Ola trøytt og lei og ville flytte deri-frå. Ein juledagsmorgon tidleg skulle han til Stordalskyrkja, var tanken. Men i den tjukke snøkaven tok han feil av vegen og svinga for mykje til høgre, og då snøka-ven letta, såg han ljos i Overøye og skyna at han var komen fram under Vassbakken fremst i Kleivabotn. Då lovde han med seg sjølv, at dette skulle vere siste jula han budde so langt til dals. ”Tvi” sa han. ”No kan ein kvan annan ta so mange snøreke som eg hev gjort på Fokhauane” Og våren etter flytte fokhaugfolket med alt sitt pikk og pakk derifrå.

Om dette fortalde han gamle Kristofer Almås, som var fødd 1805: ”Ho gommor fortalde at ho hugsar når fokhaugfolket flytte. Dei for ned gjennom Stordalen med 14 velfødde kalvenaut. Dei var kvita i bulen og myrkhalsa, likt leta alle i hop. Og slette i hårstøet som reinar. Geitene deira var einleta svarte og i godt hold dei med” Fokhaugfolket overnatta på Hove, og krøtera sine hadde dei inne i Torefjøsane, som var sværaste fehusa på Hove den gongen. Dei busette seg på ein stad dei kalla Fjellet utanfor Dyrkorn.
Det er sagt at det gjekk nedover med velstanden deira, sidan dei flytta frå Fokhauane. Kyrne sine miste dei alle i hop, dei vart sjuke og kreperte, då ei og då ei anna. Kanskje tolde dei ikkje det store omskiftet med klimaet, frå den friske fjellufta til den råare havlufta, der dei kom. Fokhauane ligg noko over 500 m.o.h. på ein rabb på ei vid fjellslette å kalle for, mest i ferdaleia for fjellovergangane frå både Stor-dal, Tresfjorden (over Dalskleiva), Valldalen (over Espedalen), Innfjorden (over Berild og Bøstølane og langsmed Kamben), og frå Voll gjennom Måndalen og Dyrdalen.

Då han Ola Simonsen og ho Kristi flytte frå Fokhauane, vart der ikkje buande folk lenger. Dei svære hamnegangane vart litt om senn tekne i bruk av bøndene i nede Stordalen, som bygde fyrst sætra Kvitlen og noko seinare Pusken. Ho Paulina Storheim fortel at då ho var ung og sætra på Langsætrane, såg ho vel brunnen deira på Fokhauane. Han var alt då attkasta med stein, so ikkje krøtera skulle gå seg nedi. Ei holve av slipesteinen hans Fokhau-Ola skal finnast på taket av eine sæter-huset hans gamle ordførar L.M. Kirkebøe, seiest det.

 

Bildet viser Fokhaug, om lag midtveis mellom Langsætrane og Fokhaugstova (nede mot høyre i bildet).

Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag