Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Laksefiske i Stordalsvassdraget


Innlagt den 19.01.2006

Ein vil nedanfor skrive noko om det svært viktige fisket som foregjekk i den gode lakseelva - Stordalselva - STORELVA.
Storelva heiter elva som kjem frå dei fremste botnane og vatna i Langsæterom-rådet i ei lengde på ca 25 km. Dette representerer eit omfattande vassdrags-system. Fremst i dette vassdraget vart det fiska etter aure (kre) i mange vatn og elvar.

Storelva heiter elva som kjem frå dei fremste botnane og vatna i Langsæterom-rådet i ei lengde på ca 25 km. Dette representerer eit omfattande vassdrags-system. Fremst i dette vassdraget vart det fiska etter aure (kre) i mange vatn og elvar.

STORELVA
Storelva er lakseførande fram til Stavåfossen. Dette er ei lengd på ca. 8 km.
Elva er eigd av dei forskjellige grendene som har jord som grenser ned til elva. Den er då delt i desse grendelaga, så som Hove, Vinje, Busengdal, Kirkebø, Kvamen og så vidare fram til og med Stavdal. Sjå spesialkart over grendene og gardane i Stordal. Vidare er så elva delt mellom dei bruka som tilhøyrer dei enkelte grendene etter skyld. I praksis blir elva delt i timar pr dag / veke.

Kristafor-Ole viser fram det ein med rette bør kunne kalle ei storlaks, 22,4 kg.

STORELVA I HISTORISK PERSPEKTIV
Kven veit, kanskje hadde fisken i elva stor verdi allereie for dei første som slo seg ned i Stordal? Desse jegarane og fangstfolka levde av det naturen hadde å by på, og laksen var nok på menyen. Det er lite å finne av historie om verdien på lakserettane, men i Petter Jøsvoll si bok frå 1953 står det at bøndene på Jøsvoll selde elva for kr. 100 pr. sesong. Oppgangsteine og lakseslø var fangstreiskap som vart mykje brukt, og mellom anna på Øvrebust har vi ein stad i elva vi kallar "Sløbrøte". For ca 110 år sidan byrja engelske sportsfiskarar å kome til bygda.

STORELVA EI SVÆRT GOD LAKSEELV.
Storelva har vore ei svært god lakseelv bakover i tida, og det blei fiska store antal laks og pjakk ( lokalt navn på smålaks - opp til 3 kg). Elva blei rekna som ei av dei beste lakseelvane på Vestlandet. Det er sagt at tenestefolk hadde det med i kontrakta si at dei ikkje skulle ha laks meir enn 2 gonger i veka.

Laksen kom i midten av mai og auka på utover forsommaren. I elva rekna ein sesongtopp 14 dagar rundt Jonsok. Storelva er også i dag ei god lakseelv.

Olav Andreassen og Alf Midtbust med ein dagsfangst ei gang på 1950-talet.

Sverre Holtleite og Lars Øvrebust er rimeleg stolte over dagens fangst, 19 kg.

FISKEREDSKAPER I ELVA I ELDRE TID
Bøndene i eldre tid var svært opptekne med all slags gardsarbeid. Det blei lite tid til "å stå og bike" i lakseelva. Derfor sette dei ulike "automatiske" fangst-redskaper. Dei mest vanlege fangstreiskapar var oppgangsteine og lakseslø.

Oppgangsteine og Lakseslø
Etterfylgjande er skrive av Peter Jøsvoll i boka Stordal i Tekst og Toner som kom ut i 1948.

Oppgangsteine, oftest kalt lakseteine og lakseslø.

Lakseteina var et apparat som en nytta til å fange laksen med når den gikk opp i elva om våren og forsommeren. Slø brukte en til å fange laksen når den om høsten gikk ut i sjøen igjen. Når elva renn jamt og rolig, går laksen med hodet først, også nedover elva, men så snart den merker et lite stryk eller fall i elva, snur den seg og går med halen først. Så føler den seg forsiktig fram, og så snart den merker noe tvilsomt, piler den straks oppover elva igjen. Men i sløen blir laksen lurt på den måten at vannet renne ned mellom sprinklene på sløen så halen blir tørr. Laksen blir på den måten liggende maktlaus i sløen.
Både i oppgangsteina og sløen kan måla skifte nokså mye, for en måtte innrette disse fiskeredskaper etter størrelsen på plassen i elva.

Omtrent 200 meter fra husa på garden Jøsvoll var plassen for laksesløen, og det stedet kalles den dag i dag Sløbakken. I gamle dager fanga en så mye laks på Jøsvoll at en hadde laks heile året. En salta laks i tønner og brukte den til spekelaks om vinteren. Oppgangsteina har jeg ikke sett i bruk. Derimot har jeg i guttedagene vært med på å bruke slø. Nå er det minst 60 år siden lakseteine og slø har vært i bruk i Stordalselva. Skulle en eller annen laks ha unngått å bli fanga i oppgangsteina eller sløen, så brukte en lyster når elva ble lita om hausten.

STORELVA BORTLEIGD I 30 ÅR - BEHOV FOR KONTANTER
Kontanter var alltid mangelvare.
Johan L. Vinje bygde "Stordal Hotell" i 1891/92 og allerede i 1893 kom dei første engelskmennene for å fiske laks. J.L.V. var på bytur og på Ørskog trefte han Rasmussen som dreiv hotellet der og han fortalde om to engelske gjester som bodde der og dei fiska i Ørskogelva, og at det var dårlig fiske der. J.L.V. fekk tak i karane og tok dei med seg inn i Stordalselva og der fekk dei mykje fisk. Som betaling for tur og opphald skulle dei skrive om Stordalselva og allerede året etter kom laksefiskarane frå England.

Det var tungvint med fiskerettane då bøndene eigde elva og den 27. mars 1895 inngjekk han kontrakt med bøndene og leigde heile elva frå sjøen og fram til Stavdalsfossen, jaktrett i august, september og oktober og fiskerett i tilhørende fjellvatn i 30 år.

Engelskmennene sette navn på fiskehølane frå osen og framover:
River Mouth / See Pool - Lower Haus - Haus - Sansom Pool - Ladies - Aare Pool - Island - Mss. Margaretson - Prawle Point - Tongholm - Churcu Pool - Danmark - Farmers - Lower Chain - Chain - Upper Chain - New Pool - Green Banks - Trees Pool - Highbank - Stone slip - Harold - Road Pool - Scott Pool - Lars Pool - Sigat - Stone Marghetson - High Bridge - Flems Pool - Rock - Pool - Top Bridge - Lower Foss - Foss.

Dei to første som kom var to pensjonerte offiserar som hadde tenestegjort I India Dei kom tilbake kvar sommar i 13 år. (Kaptein Graham og oberst Turner ). Elles så var det frå 3-4 til opptil 11 personer som fiska. Også nokre damer fiska. Eng-elskmennene kom fram til første verdenskrig i 1914, så begynte dei å komme igjen kring 1920 åra. Her var også mange norske fiskarar som fiska og bodde på Hotellet.

Ein kan godt forstå kvifor engelskmennene kaptein Graham og oberst Turner vitja Hotellet og Stordalselva i 13 påfylgjande år.

Frå 1921 til 1939 er det ført "Laxe bok" der dato - antall fisk - type fisk - kilo/ pund - fiskehøl-fiskeagn-fisker og div anm. er nøye beskrevet.
Eks.
11.juli 1921-1 laks-11kg - på makk - Høl Topp Bridge - Øyvind Sæter - Stor-flom.
I 1921 ble det fisket 41 laks 505 kg - 94 pjakk 528 kg - 12 ørret 28.5 kg.

FISKE I STORELVA ETTER 2. VERDENSKRIG
Etter andre verdenskrig var det elvaeigarane sjølve som fiska, men nokre leigde ut elvaretten år for år. På nokre elvastrekningar var det mange faste utanbygd-arar som var nokså faste fiskarar.

Mykje laks i Storelva.
Etter krigen og i fleire 10 år etter, var Storelva ei svært god lakseelv. Det blei jamnt store årsfangstar. Enkelte år blei det teke svære mengder av laks og pjakk. Stordalselva er også i dag ei god lakseelv om enn ikkje slik som det var i tidlegare år.

Dette bør nok karakteriserast som ein rimeleg bra fangst. Så vidt ein kan sjå, henger her 15 laks og pjakk. Fiska i 1968 i Hove-elva i byrjinga på juli. Største laksen er 12 kg. Fiskarane er: Olav Eikrem, Borghild Eikrem, NilsTomas Hove og Martin Hove.

Sentrale laksefiskarar etter krigen.
Vi har prøvd å få til ei lita oversikt over kven som har vore sentrale laksefiskarar i Stordal etter 2. verdenskrig. Nokre store laksefiskarar er sikkert utegløymt, og eit stort antal som har freista fiskelukka i Stordal er ikkje med. Men her er ei oppramsing:

Ole P. Hove, Kåre P. Hove, Martin Hove, Ragnhild Hove, Nils Tomas Hove, Olav Eikrem, Borghild Eikrem, Martin Vinje, Karl P. Vinje, Erling Busengdal, Joacim Kvammen, Sverre Kvammen, Olav Kvammen, Jon Geir Selboskar, Johan Øvrebust, Gustav Øvrebust, Petter K. Hove, Olav K. Hove, Karl Øvrebust, Lars Øvrebust, Nils Øvrebust, Ole Øvrebust, Jacob Holt, Ole Hermann Storheim, Ole Magnar Øvrebust, Petter Storheim, Sigurd Moe, Syver Moe, Ole Petter Jøsvoll, Peder Jøsvoll, Mons Jøsvoll, Harald Jøsvoll, Lars Stavdal, Petter Stavdal, Oddmund Vad, Øivind Sæter, dr. Jensen, dr. Longva, dr Hansen.

Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag