Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Intervju med Ruth Vinje

Ruth Vinje

Født 28. juli 1912

Intervju den 28.06.02 ved Magda Staurset

Ruth Vinje vart født 28. juli 1912 i Santa Barbara i California. Mora som heitte Gina var gift med John Hosking som døydde då Ruth var 5 år gammal. Broren til Ruth var 2 år yngre og heitte John Monrad. Etter at Gina gifta seg oppatt med Peder Hove i Amerika, flytta dei til Stordal i 1924. Peder Hove var nemleg "jordaguten" til garden Bakeriet i bygda.

Skulegang
Ruth gjekk dei første åra på skule i Amerika. Då ho var 12 år byrja ho på skule i Stordal der ho gjekk dei 2 siste åra av folkeskulen. Dette var tungt og vanskelig den første tida for ho kunne ikkje eit einaste ord norsk. Realskulen gjekk ho deretter på Ørskog. Så gjekk turen til jordmorskulen i Bergen på kvinneklinikken på Haukeland.

Etter året i Bergen kom Ruth tilbake til Stordal og ho vart jordmorvikar for Helga Støle som var mykje sjuk på den tida. Ho var òg mykje vikar i Liabygda. Seinare fekk Ruth fast jobb på Vartdalstranda. Etterpå kom ho tilbake til Stordal og fortsatte som vikar for Helga Støle. I dette arbeidet vart det mykje farting og gåing på ulendt veg til Vidhammer, Korsedal, Skjortneset og opp gjennom Dyrkornbygda. Då Helga Støle sa frå seg jordmorjobben tok Ruth over og fekk fast jobb i 1930.

Turane rundt for å ta imot barn gjekk alltid bra. Ofte var det hesteskyss men det likte ikkje Ruth noko særleg. Då vart ho så redd at ho kunne like gjerne gå. Ruth har ikkje tal på kor mange barn ho har teke imot. Men det vart ikkje berre barnefødslar. Det var også mange som nytta Ruth til alt anna, som sying av alle slags sår og liknande.

Hotellet
Ruth bodde på Bakeriet til ho vart gift med Lars Vinje i 1938. Då flytta ho til Hotellet der dei starta å drive saman. Ruth og Lars fekk så 4 barn - tre gutar og ei jente som seinare drog til Amerika.

Huset på hotellet vart bygd i 1891. Folk synest at Johan Vinje (far til Lars) ikkje var heilt normal då han bygde så stort eit hus. Likevel satsa Lars friskt og skreiv til England og fekk engelske fiskarar til hotellet. Kvar sommar var det fire-fem fiskarar som leigde seg inn på hotellet og Lars Vinje leigde elva av bøndene. Engelskmennene var i Stordal frå juni til august/september kvart år. Dei fekk mykje fisk som dei gjerne salta og røykte. Likevel kunne dei ikkje ta vare på alt, så dei gav bort mykje fisk til bøndene som dei leigde elv av. Mange av dei engelske fiskarane var militære, ofte oberstar og liknande. Dei kunne ikkje norsk, så det vart prata engelsk.

Hotellet hadde òg hytte på fjellet. Avholdslaget Symra leigde hytta kvar påske i 25 år. Gjestane kom først til Hotellet og skulle ha middag før dei skulle ha skyss framover på fjellet. Dersom det ikkje var altfor mykje snø køyrde Lars dei til Overøye, men dersom det var for mykje snø kom han ikkje lengre enn til Stavåna. Dit kom Gunnar Almås med hest og slede og køyrde fram på sætrane alt dei hadde med av bagasje. Dei var på sætrane heile påska, og etter påske var det å hente dei ned att til middag og kaffi på Hotellet, før dei skulle ha skyss ned til båten og oftast bil vidare frå Dyrkorn til Ålesund.
På Hotellet hadde dei ei ku og nokre sauer, men det var hotelldrift heile året. Det var mange handelsreisande som hadde utpakning på hotellet. Dei kom gjerne med store koffertar og leigde utpakkingsrom der dei stilte ut varene slik at forretningsfolk kom og såg.

Krigen
Ruth hugsar godt krigen. Stordalen var ganske avstengt så tyskerane likte seg ikkje der - dei følte seg innestengte. Det kom likevel nokre tyskerar som budde på hotellet. Dei leita gjerne etter spionar og vart buande nokre dagar. Ruth huskar at ein tysker vart buande så lenge så han vart mest som ein av huset. Elles synes Ruth at krigen merkast lite i Stordal utanom rasjoneringskorta.

Første kvinna frå Stordal med sertifikat
Ruth fekk sertifikat i 1930 då ho var 18 år gammal. Det var ikkje andre kvinner i Stordal som hadde sertifikat på den tida. Ho måtte til Ålesund for å køyre opp. Ho køyrde ein time i trafikken i byen og i Borgundvegen og var då blitt flink nok slik at ho fekk sertifikatet. Lars hadde bil og Ruth hjelpte han å køyre drosje så ho fekk mykje køyretrening. Dei hadde køyring kvar veke med pasientar til doktordag. Doktoren som heitte Torgersen frå Stranda, var snill og dyktig og han var i Stordal i ca. 25 år.

Intervjuet er gjort ved Magda Staurset. Hallgeir Øvrebust har tilrettelagt tekst og bilder for trykking.
Vi har tilbudt bygdeblada 6 bilder, to av disse nedanfor. Reportasjen kjem i julenummera.

Ruth første kvinne som tok sertifikat i Stordal

Familiebilde av Lars og Ruth og alle borna


Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag