Skulegang
Ruth gjekk dei første åra på skule
i Amerika. Då ho var 12 år byrja ho
på skule i Stordal der ho gjekk dei 2 siste
åra av folkeskulen. Dette var tungt og
vanskelig den første tida for ho kunne ikkje
eit einaste ord norsk. Realskulen gjekk ho deretter
på Ørskog. Så gjekk turen til
jordmorskulen i Bergen på kvinneklinikken
på Haukeland.
Etter året i Bergen kom Ruth tilbake til
Stordal og ho vart jordmorvikar for Helga
Støle som var mykje sjuk på den tida. Ho
var òg mykje vikar i Liabygda. Seinare fekk
Ruth fast jobb på Vartdalstranda. Etterpå
kom ho tilbake til Stordal og fortsatte som vikar for
Helga Støle. I dette arbeidet vart det mykje
farting og gåing på ulendt veg til
Vidhammer, Korsedal, Skjortneset og opp gjennom
Dyrkornbygda. Då Helga Støle sa
frå seg jordmorjobben tok Ruth over og fekk
fast jobb i 1930.
Turane rundt for å ta imot barn gjekk alltid
bra. Ofte var det hesteskyss men det likte ikkje Ruth
noko særleg. Då vart ho så redd at
ho kunne like gjerne gå. Ruth har ikkje tal
på kor mange barn ho har teke imot. Men det
vart ikkje berre barnefødslar. Det var
også mange som nytta Ruth til alt anna, som
sying av alle slags sår og liknande.
Hotellet
Ruth bodde på Bakeriet til ho vart gift med
Lars Vinje i 1938. Då flytta ho til Hotellet
der dei starta å drive saman. Ruth og Lars fekk
så 4 barn - tre gutar og ei jente som seinare
drog til Amerika.
Huset på hotellet vart bygd i 1891. Folk synest
at Johan Vinje (far til Lars) ikkje var heilt normal
då han bygde så stort eit hus. Likevel
satsa Lars friskt og skreiv til England og fekk
engelske fiskarar til hotellet. Kvar sommar var det
fire-fem fiskarar som leigde seg inn på
hotellet og Lars Vinje leigde elva av bøndene.
Engelskmennene var i Stordal frå juni til
august/september kvart år. Dei fekk mykje fisk
som dei gjerne salta og røykte. Likevel kunne
dei ikkje ta vare på alt, så dei gav bort
mykje fisk til bøndene som dei leigde elv av.
Mange av dei engelske fiskarane var militære,
ofte oberstar og liknande. Dei kunne ikkje norsk,
så det vart prata engelsk.
Hotellet hadde òg hytte på fjellet.
Avholdslaget Symra leigde hytta kvar påske i 25
år. Gjestane kom først til Hotellet og
skulle ha middag før dei skulle ha skyss
framover på fjellet. Dersom det ikkje var
altfor mykje snø køyrde Lars dei til
Overøye, men dersom det var for mykje
snø kom han ikkje lengre enn til
Stavåna. Dit kom Gunnar Almås med hest og
slede og køyrde fram på sætrane
alt dei hadde med av bagasje. Dei var på
sætrane heile påska, og etter påske
var det å hente dei ned att til middag og kaffi
på Hotellet, før dei skulle ha skyss ned
til båten og oftast bil vidare frå
Dyrkorn til Ålesund.
På Hotellet hadde dei ei ku og nokre sauer, men
det var hotelldrift heile året. Det var mange
handelsreisande som hadde utpakning på
hotellet. Dei kom gjerne med store koffertar og
leigde utpakkingsrom der dei stilte ut varene slik at
forretningsfolk kom og såg.
Krigen
Ruth hugsar godt krigen. Stordalen var ganske
avstengt så tyskerane likte seg ikkje der - dei
følte seg innestengte. Det kom likevel nokre
tyskerar som budde på hotellet. Dei leita
gjerne etter spionar og vart buande nokre dagar. Ruth
huskar at ein tysker vart buande så lenge
så han vart mest som ein av huset. Elles synes
Ruth at krigen merkast lite i Stordal utanom
rasjoneringskorta.
Første kvinna frå Stordal
med sertifikat
Ruth fekk sertifikat i 1930 då ho var 18
år gammal. Det var ikkje andre kvinner i
Stordal som hadde sertifikat på den tida. Ho
måtte til Ålesund for å
køyre opp. Ho køyrde ein time i
trafikken i byen og i Borgundvegen og var då
blitt flink nok slik at ho fekk sertifikatet. Lars
hadde bil og Ruth hjelpte han å køyre
drosje så ho fekk mykje køyretrening.
Dei hadde køyring kvar veke med pasientar til
doktordag. Doktoren som heitte Torgersen frå
Stranda, var snill og dyktig og han var i Stordal i
ca. 25 år.
Intervjuet er gjort ved Magda Staurset. Hallgeir
Øvrebust har tilrettelagt tekst og bilder for
trykking.
Vi har tilbudt bygdeblada 6 bilder, to av disse
nedanfor. Reportasjen kjem i julenummera.
|