|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Søk i Stordalsportalen
|
I Stordal skjer det mykje
Det er i Stordal det skjer!
I STORDAL SKJER MYKJE INTERESSANTDette er skreve av Einar J Hove og John Kr Hjelle. Nedanfor gir vi ein svært kort presentasjon av fleire interessante tiltak og prosjekt knytt til Stordal.
Alt det som er skreve om nedanfor kan du lese meir om
her på Stordalsportalen. Stordal SogelagStordal Sogelag har vore eit aktivt lag og gitt ut ei mengd temahefter. Sogelaget har ellers vore initiativtakar og svært aktiv i fleire prosjekt. Vi nevner her Intersogelagssamarbeidet, Dei Store Hesteferdene 2004, NRK-filmen "Vegen mot Romsdals marked" og no sist Fjord Fjell Friluftsparken i Møre og Romsdal. Sjå under menyvalg "Kva skjer" og "Prosjekter" samt Stordal Sogelag si heimeside under Stordalsportalen (menyen "Heimesider i portalen" til venstre). Stordal Sogelag har hatt hovedansvaret for restaureringa av Andersselet på Kvitlanestølen på Langsætrane. Utanfor dette selet var der ei hovedscene i ovanfor nevnte NRK-film. Sjå bilete. Bygdeutviklingsprosjektet Øvre StordalØvre Stordal er eit unikt område med mange kvalitetar knytt til historie, kultur, friluftsliv og busetnad frå langt tilbake i historia.
Folket i Stordal vil ha eit aktivt engasjement for
å ivareta disse verdiane og det er skreve eit
omfattende dokument som klarlegg kva slags
aktivitetar ein vil sette i verk for å ta vare
på og vidareutvikle dei store verdiane som ligg
her. Ein hovedfokus vil vere å skape grunnlag
for nye aktivitetar, næring og fast busetnad i
området. Langsæterdagane
Langsætrane var i eldre tider dei største
samla sommarstølane på Vestlandet. 40 av
dei nederste bruka i Stordal hadde seterhamner
her. Intersogelagssamarbeidet, Den Store Hesteferda 2004, NRK-filmen "Vegen mot Romsdals marked"
Opptakta til dette samarbeidet mellom mange sogelag
vart gjort i eit møte på Toreselet på
Langsætrane den 12. oktober 2002. Forut for
dette møtet hadde historikaren Ragnar Standal og
leiar i Stordal sogelag Einar J. Hove sendt ut
invitasjon til mange lag og organisasjonar. Fjord Fjell Friluftsparken i Møre og Romsdal
Fjord - Fjell - Friluftsparken I MRF er ein direkte -
men noko anna vinkla - fortsettelse av Den Store
Hesteferda 2004. Dette prosjektet baserer seg på
dei same grunnleggande hensikter / intensjonar og
målsettingar som både
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal og
Hesteferdprosjektet. Trollkyrkjegarden
TROLLKYRKJEGARDEN EIN HISTORISK
STAD Stordalsportalen
Stordalsportalen skal vere ein positiv presentasjon
på internett av Stordalssamfunnet og i
prinsippet femne om alt som vi vil presentere av
positiv informasjon frå vårt
område. Stordalsportalen skal bli Stordalssamfunnet sin viktigaste profilerings-, markedsføringsmedium og markedsføringskanal på internett. Men samtidig er den jordnær og gir informasjon til bygdefolket om det meste som skjer på det lokale plan. Oppfordring: Besøk Stordalsportalen og gjer deg kjent med Stordal og det Stordal har å by på. Det er allereie lagt inn ei mengd med stoff knytt til mange temaområde og aktørar i Stordal. Her er også fleire bildegalleri med mange flotte bilder frå Stordalsområdet. Disse ligg både i sjølve Stordalsportalen og i dei heimesidene som er lagt inn under Stordalsportalen. På denne nettstaden vil der ut gjennom heile 2006 komme inn stadig nytt interessant stoff. Velkommen til Stordalsportalen. Les meir om Stordalsportalen her . Anna
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
© Stordalsportalen 2005 - 2012 Om Stordalsportalen Kontaktskjema |