Stordalsportalen.no / Tema / Kva skjer / Prosjekt / Langsæterdagane
Ramslauk
StordalStordalStordalStordalStordalStordalStordal Stordal
Stordal
Stordal
Langsætrane
Webkamera Arena Overøye
Heimesider i portalen:
Stordal Arena Overøye
Stordal Kyrkjehola Kulturbeite
Stordal Nilsgardstunet
Stordal Stordal Alpin
Stordal Stordal Alpinsenter
Stordal Stordal Bedehus
Stordal Stordalskvartetten
Stordal Tonika
Stordal Stordal Elveeigarlag
Stordal Stordal Idrettslag
Stordal Alpin
Stordal Fjellservice
Stordal Hopp
Stordal Hovedgruppa
Stordal Langrenn
Stordal Stordalscup
Stordal Stordal Sogelag
Stordal Stordal Turlag
Stordal Stordalsferien

Stordal Attraksjonar
Stordal Opplevingar
Stordal Overnatt. Serv. Camping
Stordal Fiske
Stordal Jakt
Stordal Lokalt nytt

Stordal Arrangement
Stordal Glimt av Stordal
Stordal Bruktmarknad
Stordal Gjestebok
Stordal Kontaktskjema
DAGEN I DAG
16. januar 2018 10:22:28
Namnedag:
Hjalmar - Hilmar
Søk i Stordalsportalen

Sitemap
Stordal Stordalsportalen
som startside (IE)
Logg inn admin

Langsæterdagane


Innlagt den 19.11.2005

Stordal Sogelag tok i 2004 initiativet til å skape ein tradisjon i bygda ved å lage til eit årvisst arrangement på Langsætrane. Dette var året då Den Store Hesteferda også blei arrangert.

Denne hausten blei det då berre halde eit arrangement over ein dag på Puskenstølen. I 2005 blei det lagt til rette for eit arrangement over tre heile dagar, og dette vil truleg bli strukturen i Langsæterdagane som ein årviss tradisjon vidare.

I det etterfølgende kan du lese om innhaldet av dei tre Langsæterdagane i 2005. Planlegginga av Langsæterdagane i 2006 er no sett i gang, og ein legg opp til omfattande og interessante dagar i Langsæterområdet hausten 2006.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------

LANGSÆTERDAGANE 2005

ARRANGØRER I STORDAL: Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal og Stordal Sogelag i samarbeid med landbruksorganisasjonane og andre lag og organisasjoner. Deltaking også av lag, organisasjoner og skular i dei andre bygdelaga.

TROLLKYRKJEGARDSDAGEN

MØTEDAGEN MELLOM NABOBYGDENE

FREDAG 26. AUGUST

TROLLKYRKJEGARDEN EIN HISTORISK STAD
Trollkyrkjegarden ligg inne på fjellet mellom Langsætrane og Bøstølen. Troll-kyrkjegarden var i gamle dagar ein møtestad på fjellet mellom bygdene Stordal, Valldal, Innfjorden, Måndalen og Tresfjord.

MANGE TURAR INN MOT OG STORT TREFF AV FOLK OG DYR PÅ TROLLKYRKJEGARDEN.
Det vil bli arrangert turar med deltaking frå Valldal, Innfjorden, Måndalen, Våg-stranda, Daugstad, Tresfjord, Vaksvika, Dyrkorn og opp gjennom heile Stordalen til Møtestaden på Trollkyrkjegarden. Som turdeltakarar denne dagen inviterer ein ei blanding av frilufts / turfolk, hestefolk - med alle hesteraser - skuleklasser og andre som er interessert i å delta på denne historiske turen.

PROGRAM

TROLLKYRKJEGARDSDAGEN FREDAG DEN 26. AUGUST 2005
Turar frå omliggande bygder og inn til Trollkyrkjegarden

  • Heste - / friluftsgrupper og skuleklasser møtest på Trollkyrkjegarden
  • Leirslagning - Hestestell - Prøveridning
  • Forteljing om Kulturminner, Fjella og Naturen i dette området
  • Uteskule ved Friluftsrådet / Kulturavdelinga på Molde
  • Bålbrenning - Grilling - Matlaging
  • Historieforteljing
  • Kveld ved Elvabytet og Trollkyrkjegarden

EIN TEK ATTERHALD OM MINDRE PROGRAMENDRINGAR.
ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE TIL Å DELTA PÅ TURANE OG MØTET PÅ TROLLKYRKJEGARDEN.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------

LANGSÆTERDAGANE 2005

ARRANGØRER I STORDAL: Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal og Stordal
Sogelag i samarbeid med landbruksorganisasjonane og andre lag og organisasjoner. Langsætrane er fellesnavnet på dei to stølane Kvitlane og Pusken. Her hadde dei 40 nederste gardane i bygda stølsdrift fram til midten av 1950 - talet.

KVITLANEDAGEN

OPPLEVINGS - OG LÆRINGS-DAGEN LAURDAG DEN 27. 8.

Dagen starter med TURMARSJ frå Overøye.Det er lagt opp til mykje læring og oppleving
denne dagen. Programmet er fordelt på to områder; på sjølve stølen og nede ved elva / brua
nedanfor stølen. På begge plassane foregår mange aktiviteter frå Kl. 1030 og ut heile dagen

PROGRAMMET PÅ SJØLVE KVITLANESTØLEN

  • Visning av kva slags produkt dei laga frå mjølka på stølane i eldre tider
  • Ysting, kjinning, koking av dravle; visning, smaksprøver og framgangsmåter for tillaging av mange slags produkt
  • Visning og demonstrering av utstyr og reiskapar som blei brukt
  • Mange stiller ut varer for salg på Bøndenes Torg på Langsætrane.
  • TINE, GILDE, MATTILSYNET OG STORDAL SOGELAG stiller med informasjonsstand om deira produkter og aktiviteter.
  • Holt Gardsmat og Nilsgardstunet sel enkelte spesialprodukt, tørrmat, kaffi, saft og brensnut / kjøtsuppe

PROGRAMMET VED ELVA / KVITLANEBRUA

  • Visning av byggekonstruksjoner / bygg av Isolaft, Grindlaft og Steinalderbolig (Fletteverksbygg )
  • Visning av produkt / konstruksjoner frå Amdam Sag, Øvrebust Sag og Mørelaft
  • Stands - og informasjon frå; DIN TUR, Husfliden i MRF, Uteskule ved Skogselskapet i MRF,
  • Valldal Naturopplevinger, Liabygda Speidarar, skyting med pil/boge m.m.
  • Gullgravarleiren med mineralutstilling, skjerping etter gull.
  • Undervisning i mineralogi, geologi og biologisk mangfold
  • Tillaging og servering av "utemat"

EIN TEK ATTERHALD OM MINDRE PROGRAMENDRINGAR.
ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE TIL KVITLANEDAGEN. TA MED HEILE FAMILIEN - HER ER NOKO Å LÆRE OG OPPLEVE FOR ALLE.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------

LANGSÆTERDAGANE 2005

ARRANGØRER I STORDAL: Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal og Stordal
Sogelag i samarbeid med landbruksorganisasjonane og andre lag og organisasjoner. Langsætrane er fellesnavnet på dei to stølane Kvitlane og Pusken. Her hadde dei 40 nederste gardane i bygda stølsdrift fram til midten av 1950 - talet.

PUSKENDAGEN

GUDSTENESTE OG UNDERHALDNINGSDAGEN SUNDAG DEN 28.8.

Denne dagen starter med TURMARSJ frå Overøye som går via Kvitlane og
vidare til Puskenstølen. Her blir det først Gudstjeneste. Deretter eit variert program
og sal av rjomegraut, brensnut / kjøtsuppe, saft, kaffi og tørrmat

HOVEDPROGRAMOVERSIKT

Kl. 10.30 Turmarsj:
Overøye - Kvitlane - Pusken
Alle som deltek blir med i ei trekning med mange premier. TRADISJONSSNOP blir delt ut til borna ved Kvitlanebrua.Start på parkeringsplassen på Overøye. Får der utdelt nr. lodd for seinare trekning.
Kl. 11.00 - 12.00
Rast ved Andersselet på Kvitlane.
Litt underhaldning ved sela og sal av lefser, kaffi, saft frå Holt Gardsmat.
Kl. 12.30 - 13.30
Gudsteneste på Pusken:
Hornmusikken spelar til salmesongen
Kl. 13.30
Rjomegraut, Kjøtsuppe, sætermat, lefser, kaker, kaffi, saft v/Toreselet
Maten kjem frå Nilsgardstunet og Holt Gardsmat
Kl. 14.00 - 16.00
Mange programinnslag
med innlagte prate og kaffipauser.

PROGRAMINNSLAG
MELLOM KL. 14.00 OG 16.00

  • Stordal Hornmusikk
  • Trekning av premiar frå turmarsjen
  • Gamle instrument ved Dagfinn Nupen
  • Stordals unge røyster - barnekoret
  • Ferdafolk - Ingunn Linge Valldal og Knut Ivar Bøe
  • Salmer, viser og Pop ved Gruppa SMAUG, 4 musikarar med variert program
  • Kanskje kjem Peer Gynt forbi - og Den Grønkledde

EIN TEK ATTERHALD OM MINDRE PROGRAMENDRINGAR

ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE TIL PUSKENDAGEN 28.8.
TA MED HEILE FAMILIEN TIL EIN MINNERIK DAG PÅ DENNE LANGSÆTERSTØLEN.

Stordal
Stordal
© Stordalsportalen 2005 - 2012          Om Stordalsportalen       Kontaktskjema