Stordalsportalen.no / Tema / Reiseliv / Opplevingar
Ramslauk
StordalStordalStordalStordalStordalStordalStordal Stordal
Stordal
Stordal
Langsætrane
Webkamera Arena Overøye
Heimesider i portalen:
Stordal Arena Overøye
Stordal Kyrkjehola Kulturbeite
Stordal Nilsgardstunet
Stordal Stordal Alpin
Stordal Stordal Alpinsenter
Stordal Stordal Bedehus
Stordal Stordalskvartetten
Stordal Tonika
Stordal Stordal Elveeigarlag
Stordal Stordal Idrettslag
Stordal Alpin
Stordal Fjellservice
Stordal Hopp
Stordal Hovedgruppa
Stordal Langrenn
Stordal Stordalscup
Stordal Stordal Sogelag
Stordal Stordal Turlag
Stordal Stordalsferien

Stordal Attraksjonar
Stordal Opplevingar
Stordal Overnatt. Serv. Camping
Stordal Fiske
Stordal Jakt
Stordal Lokalt nytt

Stordal Arrangement
Stordal Glimt av Stordal
Stordal Bruktmarknad
Stordal Gjestebok
Stordal Kontaktskjema
DAGEN I DAG
16. desember 2017 10:07:25
Namnedag:
Oddbjørg - Oddbjørn
Søk i Stordalsportalen

Sitemap
Stordal Stordalsportalen
som startside (IE)
Logg inn admin

Opplevingar

Stordalscup (foto: Stordalscup)
Dette kan du oppleve i Stordal

Storfjorden - båtturar, fiske og bading. Stordalsvika er rik på fisk; bl.a. sei, torsk, lyr, lange.

Fjordfiske/ turer på fjorden.
Storfjorden er kjent for sitt mangfald av artar og for å være rimelig fiskerik.
Populære fiskestader rundt Stordalen er:
-Fluda, ein undersjøisk "topp" på 50 - 60 m djupn. I farvatnet rundt og lenger inn i fjorden, varierer djupna frå 400 til meir enn 700 m.
-Stordalsholmen, Stamneset og Holmeneset/Latøya, fiskerikt
-områda rundt Djupdalselva og Stamneselva, brådjupt
Med båt på fjorden kan ein besøke fjellgårdane på bortsida av fjorden, eller ta turen innover til Tafjord, Hellesylt og Geiranger, eller utover mot Ålesund. Hurtigruta passerar Stordal på veg til Geiranger i sommarhalvåret. Det er badeplass ved hamna.

Cruise til Geiranger - mellom 1. juni og 7. august stoppar hurtigbåten ved kaia på veg mellom Ålesund og Geiranger. Stopp kl. 10.30 på veg innover og kl. 16.00 på veg utover.

Ein tur på fjorden med båt kan du få hos KS Dyrkorn, eller leige båt hos Stordal Camping eller Stordalsferien.

Fjell - Stordal har ganske bratte og høge fjell som kan innby til ein utfordrande fjell-/topptur. For litt lettare turterreng, kan det anbefalast å gå i Langseterområdet eller på Dyrkornsetra. På andre sida av fjorden er det mogleg å gå opp til dei fråflytta fjellgardane på Skotet, Halsen, Vidhammer, Korsadalen, Holmesetra eller Djupdal.

Ytste Skotet - ein gammal fjellgard på ei hylle over fjorden. Skotet ligg på andre sida av Storfjorden, og nåast med båt eller ved å gå frå Sykkylven. Ytste Skotet er ein av tre gardar på Skotet, og vart overtatt av foreininga Storfjordens Venner i 1989. Dei har utført eit fantastisk restaureringsarbeid, og garden er no eit levande museum. Det er ope om sommaren, og både fotturistar og større grupper er velkomne. Ønsker du ei spesiell oppleving, kan du tinge overnatting i løa eller på stabburet.

Kyrkjehola Kulturbeite - kulturarrangement som foregår på Stordal Bygdetun sommarstid. Kunstutstillingar, intimkonsertar og forelesningar.

Stordalscup (bildet) - fotballcup for aldersbestemte klasser i juli kvart år. I tillegg er det tivoli, bruktmarked, salgsboder, utedans og kiosk. 25 års jubileum i 2005.

Langseterdag - arrangement på Langsetrane i august, med mange kulturinnslag, aktivitetar, turmarsj og ridestemne på Trollkyrkjegarden.

Stordalshallen - allaktivitetshall bygd på dugnad. Har idrettsarena, grendasal, klatrevegg, skytebane, garderobeanlegg og kjøkken. Kan nyttast til både idrettsarrangement, dans, konsertar og private samankomster.

Vinter i Stordal
Stordal Alpinsenter - populær alpinbakke i eit av Sunnmøre sitt mest snøsikre område. Preparerte løyper, frikøyring og barnetrekk. Varmestove med servering. Alpinsenteret skal oppgraderast med nytt trekk og nye trasear til sesongen 2005/2006.

Stavsengfjellet Skiarena - lysløype for tur/langrenn som er åpen heile skisesongen. Lengde rundt løypa er omlag 2.5 km.

Fjellbakken - hoppanlegg med 5 hoppbakkar i forskjellige storleikar. Også plassert på Stavsengfjellet.

Skiturar - på Overøye startar dagsturen innover i fjellet. Mange stanser nok på Langsetrane, dei 2 store seterstølane i Langseterområdet. Her ligger det også fleire hyttefelt.
Stordal Fjellservice køyrer opp turløyper over store områder. Frå Overøye og inn til grense mot Valldal, inn til Bøstølen i Innfjorden, rundt fjellet Kamben og tilbake til Langsetrane. Dei preparerer også løypa over mot Kleiva, i nærheiten til Tresfjord. Rundt fjellet Storlihornet og tilbake til Langsetrane.

På Dyrkorn er det fint skiterreng mellom Dyrkornsetra og Gjerdsstølen, og over mot Grytalia og Vaksvika.

Også vinterstid er det mange som går på "Toppane". Mange av fjelltoppane er over 1000 m, og er eit ynda turmål på ettervinteren. Ein kan også ta skitrekket opp, og gå etter fjella ned til sentrum i Stordal. Eller slutte av turen ved ein av fleire skogvegane som går ned til sentrum

Sjå også under Friluftsliv



Aktørar

Nokre av aktørane har valt å presentere seg litt grundigare.
Desse aktørane er merka med utheva skrift.

Infoside  Stordalsferien
Infoside  Stordal Turlag
Infoside  Kyrkjehola Kulturbeite
Infoside  Stordal Sogelag
Infoside  Stordal Småbåthamn
Infoside  KS Dyrkorn
Infoside  Stordalscup
Infoside  Stordalshallen
Infoside  Stordal Alpinsenter
Infoside  Arena Overøye
Infoside  Stiftinga Ytste Skotet
Infoside  Fjellbakken A/L
Infoside  Rosekyrkja

Andre tema

Tema  Friluftsliv
Tema  Fiske
Tema  Jakt

Anna

File  Brosjyre - Stordalshallen 2005
Stordal
Stordal
© Stordalsportalen 2005 - 2012          Om Stordalsportalen       Kontaktskjema