Ut på tur
Stordal er eit eldorado for friluftsliv. Her er alt
frå høge fjell til djupe fjordar, bratte
råser(stiar) til fjellgårdar, slakkare
turterreng til bortgjømde fjellvatn. Noko er
godt tilrettelagt, merka ruter, kart og høve til
å leige rutinerte guider. Andre stadar er det
merka ruter og ingen problemer med å bruke
naturen som rekreasjonsområde sjølv om du
ikkje er lokalkjent.
Allidrettsgruppa i Stordal Idrettslag har satt opp
kasser på ulike turmål. Sjå også
Stordal Turlag sitt program for sesongen.
Det finst familievenleg terreng, spesielt i
Langsæterområdet og på Dyrkornsetra.
Enkel tilkomst, mykje flatt område.
Langseterområdet er der store områder der
barn lett kan ferdast både på fisketur
eller på hyggetur i terrenget. Sau og lam
går fritt ute over hele kommunen, og i
Langseterområdet er der også storfe på
beite i utmarka.
Her er også mange alternative ruter for dei
"viderekomne" som vil ha større, eller kanskje
meir ekstreme utfordringar ute i naturen. I Stordal
kommune er der mange fjelltoppar over 1000 m. Mange
av desse er populære turmål for dei av oss
som vil ha større utfordringar å strekke
seg etter, enn det vi andre legger i begrepet natur
og friluftsliv.
Fjorden er fin til bading, fisking og båtturar.
Stordalsvika er veldig djup, og ved Stordal Sentrum
er det djupvasskai der store skip som f.eks
hurtigruta kan legge til.