Dette er skreve av Einar J Hove og John Kr Hjelle.
Nedanfor gir vi ein svært kort presentasjon av fleire interessante tiltak og prosjekt knytt til Stordal.
Alt det som er skreve om nedanfor kan du lese meir om her
på Stordalsportalen.
Under kvart av nedanforståande tiltak viser vi til
kvar i Stordalsportalen dette stoffet ligg.
Stordal Sogelag har vore eit aktivt lag og gitt ut ei mengd temahefter. Sogelaget har ellers vore initiativtakar og svært aktiv i fleire prosjekt. Vi nevner her Intersogelagssamarbeidet, Dei Store Hesteferdene 2004, NRK-filmen "Vegen mot Romsdals marked" og no sist Fjord Fjell Friluftsparken i Møre og Romsdal. Sjå under menyvalg "Kva skjer" og "Prosjekter" samt Stordal Sogelag si heimeside under Stordalsportalen (menyen "Heimesider i portalen" til venstre). Stordal Sogelag har hatt hovedansvaret for restaureringa av Andersselet på Kvitlanestølen på Langsætrane. Utanfor dette selet var der ei hovedscene i ovanfor nevnte NRK-film. Sjå bilete.
Øvre Stordal er eit unikt område med mange kvalitetar knytt til historie, kultur, friluftsliv og busetnad frå langt tilbake i historia.
Folket i Stordal vil ha eit aktivt engasjement for å
ivareta disse verdiane og det er skreve eit omfattende
dokument som klarlegg kva slags aktivitetar ein vil sette i
verk for å ta vare på og vidareutvikle dei
store verdiane som ligg her. Ein hovedfokus vil vere
å skape grunnlag for nye aktivitetar, næring og
fast busetnad i området.
I området er her eit stort vassdragsystem med ei
rekkje vatn og elvar. Området er interessant så
vel frå ein geologisk, biologisk som ein botanisk
synsvinkel.
Området er eit perfekt utfartsområde for dei
tettare busette områda vestover i
Ålesundsregionen.
Arena Overøye med nye alpinanlegg
og dei store turmuligheitane innover i
Langseterområdet er viktige i samband med idrett og
friluftsliv for ein stor region.
Sjå meir om prosjekt Øvre Stordal her .
Langsætrane var i eldre tider dei største
samla sommarstølane på Vestlandet. 40 av dei
nederste bruka i Stordal hadde seterhamner her.
Langsætrane ligg 18 km. frå Stordal sentrum og
med bilveg opp gjennom Stordalen heilt fram til
stølsområda.
Stordal Sogelag tok i 2004 initiativet til å skape
ein tradisjon i bygda ved å lage til eit
årvisst arrangement på Langsætrane. Dette
var året då Den Store Hesteferda også
blei arrangert.
Denne hausten blei det då berre halde eit arrangement
over ein dag på Puskenstølen. I 2005 blei det
lagt til rette for eit arrangement over tre heile dagar, og
dette vil bli strukturen i Langsæterdagane som ein
årviss tradisjon vidare. Langseterdagane går
over 3 dagar og med store arrangement knytt til 3
område; Trollkyrkjegarden, Kvitlanestølen og
Puskenstølen. Dei vert haldne i siste halvdel av
august.
Sjå meir om Langsæterdagane her .
Opptakta til dette samarbeidet mellom mange sogelag vart
gjort i eit møte på Toreselet på
Langsætrane den 12. oktober 2002. Forut for dette
møtet hadde historikaren Ragnar Standal og leiar i
Stordal sogelag Einar J. Hove sendt ut invitasjon til mange
lag og organisasjonar.
Dette samarbeidet utvikla seg svært positivt og disse
sogelaga blei einige om gjenskape dei historiske
hesteferdene som gjekk frå Nordfjord tvers gjennom
heile Sunnmøre og til den store marknadsplassen
på Devold i Rauma.
Etter invitasjon frå INTERSOGELAGS-SAMARBEIDET takka
NRK i februar 2004 ja til å lage ein film frå
ei konkret hesteferd hausten 2004. Denne filmen blei vist
på NRK i jula 2004.
Det vart teke ei mengd med scener frå alle bygdelaga
og seterstølane som hesteferda for gjennom. Mange
scener blei også teke frå
Stordalsområdet; frå Stordalsholmen og
Stordalsvika, opp gjennom heile Stordalen, frå
Langsætrane og frå Trollkyrkjegarden som ligg
inne på fjellet mellom Stordal og Innfjord.
Sjå meir om dette her .
Fjord - Fjell - Friluftsparken I MRF er ein direkte - men
noko anna vinkla - fortsettelse av Den Store Hesteferda
2004. Dette prosjektet baserer seg på dei same
grunnleggande hensikter / intensjonar og målsettingar
som både Bygdeutviklingsprosjektet Øvre
Stordal og Hesteferdprosjektet.
Ein svært interessant del av dette prosjektet er
konseptet "Tur med oppleving og
læring".
Dette baserer seg på bruk av GPS-verktøy,
digitale kart og avanserte database-løysingar.
Ein teiknar opp alle aktuelle turmuligheiter i heile
området og gir tilleggsinformasjon av mange slag
knytt til det ein kan oppleve og lære ved kvar enkelt
tur.
Sjå meir om FFF i MRF her .
TROLLKYRKJEGARDEN EIN HISTORISK STAD
Trollkyrkjegarden ligg inne på fjellet mellom
Langsætrane i Stordal og Bøstølen i
Innfjorden.
Trollkyrkjegarden var i gamle dagar ein møtestad
på fjellet mellom bygdene Stordal, Valldal,
Innfjorden, Måndalen og Tresfjord.
Trollkyrkjegarden vil bli senter og møtestaden i
Fjord Fjell Friluftsparken i Møre og Romsdal.
Dette er ein eldgammal møtestad i fjellheimen mellom
ovannemnde bygdelag og den kan ha si historie fleire tusen
år attende i tida.
Sjå heimesida til Stordal sogelag under
stordalsportalen (menyen "Heimesider i portalen" til
venstre), leit deg fram til Bildearkiv og Trollkyrkjegarden
i dag. Sjå også litt meir om Trollkyrkjegarden
her .
Stordalsportalen skal vere ein positiv presentasjon
på internett av Stordalssamfunnet og i prinsippet
femne om alt som vi vil presentere av positiv informasjon
frå vårt område.
Med Stordalssamfunnet meiner vi dei geografiske
områda Nedre Stordal, Dyrkorn, Øvre Stordal,
Langsæterområdet og Bortomfjorden og herunder
alt næringsliv, kultur, historie, friluftsliv,
idrett, tiltak, aktiviteter, arrangementer, opplevelser
etc.
Stordalsportalen er og blir utvikla for at den skal vere
for folket i Stordalssamfunnet. Den skal også vere av
folket gjennom deltaking i infosider og interne heimesider
innan sjølve portalen.
Men den skal også rekke langt ut i verda, derfor:
Stordalsportalen skal bli Stordalssamfunnet sin viktigaste profilerings-, markedsføringsmedium og markedsføringskanal på internett.
Men samtidig er den jordnær og gir informasjon til bygdefolket om det meste som skjer på det lokale plan.
Oppfordring: Besøk Stordalsportalen og gjer deg kjent med Stordal og det Stordal har å by på. Det er allereie lagt inn ei mengd med stoff knytt til mange temaområde og aktørar i Stordal. Her er også fleire bildegalleri med mange flotte bilder frå Stordalsområdet. Disse ligg både i sjølve Stordalsportalen og i dei heimesidene som er lagt inn under Stordalsportalen. På denne nettstaden vil der ut gjennom heile 2006 komme inn stadig nytt interessant stoff. Velkommen til Stordalsportalen.
Les meir om Stordalsportalen her .
Viktig melding |
Velkommen til Stordalsportalen! |