Intersogelagssamarbeidet, Den Store Hesteferda 2004, NRK-filmen Vegen mot Romsdals marked


Innlagt den 08.11.2005

Opptakta til dette samarbeidet mellom mange sogelag vart gjort i eit møte på Toreselet på Langsætrane den 12. oktober 2002. Forut for dette møtet hadde Ragnar Standal og Einar J. Hove sendt ut invitasjon til mange lag og organisasjonar.

PROSJEKTA
Intersogelagssamarbeidet
Den Store Hesteferda 2004
NRK - filmen Vegen mot Romsdals Marked
HOVEDOPPSUMMERING ETTER GJENNOMFØRTE PROSJEKT
Av Einar J. Hove

Det er bøkene til Ragnar Standal, Vegar før Vegar Var, som er inspirasjonskilda til INTERSOGELAGSSAMARBEIDET og Den Store Hesteferda 2004. Disse bøkene inneheld oversikter over kvar folk og dyr tok seg fram før våre vegar og fergesamband. Dei inneheld informasjon om slike samband mellom bygdene i Nordfjord, på Sunnmøre og i Romsdal. Hesteferdene frå Nordfjord tvers over Sunnmøre til Romsdalsmarknadene var ei svært viktig ferdalei, men bøkene inneheld mykje meir interessant stoff.

Eg trefte Ragnar Standal sommaren 2002 og vi vart samde om at vi skulle prøve å blåse liv i eit samarbeid mellom bygdene langs denne ferdaleia. Etter innbyding til mange lag og organisasjoner møttest representanter frå Hjørundfjord, Stranda, Stordal, Tresfjord, Innfjord, Kulturetaten i Rauma og Fortidsminneforeninga på Sunnmøre til eit innleiande møte på Toreselet på Langsætrane den 12. oktober 2002. Etter dette møtet vart det første heftet skrive og sendt ut. Dette starta framveksten av INTERSOGELAGSSAMARBEIDET og seinare konkretiseringa av Den Store Hesteferda 2004.

I 2003 vart det halde 2 store møter og skrive tre hefter som dokumentasjon på tiltaket si utvikling. Hausten 2003 vart det teke kontakt med hestemiljøa i Fylket då representert ved Hans Kolbein Dahle og Bjørn Kjersem. Skulle ein få synleg-gjort dei store hesteferdene måtte sjølvsagt eit større antal hester førast gjennom disse til dels strabasiøse ferdavegane.

Etter invitasjon frå INTERSOGELAGS-SAMARBEIDET takka NRK i februar 2004 ja til å lage ein film frå ei konkret hesteferd hausten 2004. Eit stort møte vart halde den 14. februar 2004 og eit hefte frå dette møtet dokumenterte den dåverande status. I tillegg til dei instanser og lag som tidlegare hadde vore med, kom no fylgjande med i prosjektet; NRK v/ Oddgeir Bruaset, Devold Gard v/ Per Devold, Grytten Bygdekvinnelag v/ Mona Aalstad, Sunnmøre Museum v/ Lars Longva, Landbruksmuseet i MRF v/ Anne Marie Førde og Valldal/Norddal v/ Terje Linge og Leif Ivar Dale.

Ein skal vere klar over at på dette tidspunkt hadde mange lag og enkeltpersoner allereie arbeidd i eit og eit halvt år med grunnlaget for prosjektet. Men frå mars av blei det sterk fokus i arbeidet med sikte på å førebu og legge til rette for NRK - filmen. Kvart lag og bygd starta å gå gjennom det som dei meinte kunne høve best å vise fram frå sin stad. DUGNADSPERIODEN i prosjektet strekte seg såleis over ein periode på 7 månader framover i tid.
På møtet den 14. februar 2004 vart det valgt ei KOORDINERINGSGRUPPE på 3 personer som representerte:
SOGEFOLKET:Einar J. Hove, varamenn Leif Øie Nordang og Odd Sæthre
HESTEFOLKET: Hans Kolbein Dahle, varamenn Bjørn Kjersem og Petter
Inge Bergheim
NRK: Oddgeir Bruaset og Tonje Tjernet
Det er blitt halde 7 møter som har handtert ei lang rekke saker. John Kr. Hjelle har vore referent frå alle møta. På denne måten blei dei tre hovedgruppene i pro-sjektet koordinert no til eit stort prosjekt. Utan disse møta og denne koordineringa hadde ikkje dette store og kompliserte prosjektet latt seg gjennomføre. NRK ynskte å lage ein så AUTENTISK FILM som muleg og mellom anna bruke tids-riktige klær og kostymer frå 1800-talet. Ein må konstatere i ettertid at praktiske avklaringer m.h.t. kva dette betydde for KONKRET VALG av klær og kostymer tok for lang tid. Dette førte til ein god del stress og press framover.

Ei anna sak var at sjølv med ein utruleg dugnadsinnsats ville ikkje prosjektet la seg gjennomføre med det kostnadsbudsjett som NRK hadde for denne filminga. På vårparten og seinare i juni gjennomførte NRK sine folk synfaringer ute i felten. Den 29. april blei det halde eit nytt stort møte med påfylgjande dokumentasjon ved eit hefte som gjekk ut til alle deltakarar. Av viktige saker frå denne tida kan nemnast:

Det siste store planleggingsmøte vart halde den 12. juni 2004 med påfylgjande hefte sendt ut til alle deltakarar. Frå dette møtet var det meste klart kva som skulle gjerast:

Det var imidlertid på dette tidspunktet først og fremst å skaffe fram dei mange tidsriktige kostymene som baud på dei absolutt største problema. Ein kjempestor dugnadsinnsats var einaste løysinga og det blei også sett i verk ein storstilt "felles-bruk" av kostymer som skulle koordinerast frå Haualeite gjennom dei fleste laga langs leia og til Devold. At dette gjekk så bra som det gjorde, kan vi takke ei stor gruppe damer for. Dei gjorde ein utruleg stor innsats.
Det blei arbeidd med sikkerheits-, ansvar- og forsikringsspørsmål i samråd med Gjensidige Forsikringsselskap på Molde og teikna alle anbefalte forsikringar.

Til slutt - etter ganske intensivt arbeid - lukkast det å skaffe Kr. 535.000 til finansiering av FELLESKOSTNADER i det totale prosjektet. Bortsett frå uhellet med helikopteret ved Slogen, gjekk heile prosjektet utruleg bra. Sjølvsagt var der ting som ein kunne ynskt annarleis, men i den store samanhengen blei Den Store Hesteferda 2004 gjennomført svært dyktig og positivt etter dei planer som låg føre.
Det ligg ein utruleg dugnadsinnsats på ei lang rekke områder bak dette prosjektet. Dette er det berre å ta av seg hatten for. Vi trur at NRK-filmen som skal visast i jula 2004 blir ein svært sjåverdig film. Hertil har prosjektet Den Store Hesteferda 2004 sikra seg store mengder med STILLBILDER som vi ynskjer å lage ein SLIDE - SHOW multimedia presentasjon av. Vi må imidlertid ikkje tape av syne fylgjande:

For INTERSOGELAGSSAMARBEIDET
Prosjekt Den Store Hesteferda 2004

Einar J. Hove


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2021 eZ systems as