Stordal Bygdetun (bildet)
består av Rosekyrkja, Prestestova,
Løsetstova og eit gammalt stabbur.
Desse er open for publikum i
sommarhalvåret. Her har Kyrkjehola
Kulturbeite sine arrangement på
sommaren.
Rosekyrkja - frå
1789, vakkert dekorert innvendig. Open for
besøkande i sommarhalvåret
Kokarsteinen - utsynplass
på vegen utanfor Dyrkorn. Opprinneleg
ein hellar som etter sagnet ga ly for
reisande. Eit monument er reist av restane
av denne store steinen. Her er det
også kiosk, gatekjøkken og ein
flott rasteplass med utsyn over
Storfjorden.
Allmenningen - sentrum av
Stordal. Sitteplassar, grøntareal,
fontener. Utsikt over Stordalsvika,
nær butikk og turistkontor.
Storelva - god lakseelv.
Flott turveg langsmed elva for
gåande/syklande. Strekker seg frå
osen til Storheim.
Langsæterområdet
- består av stølane Pusken og
Kvitlane. Mange gamle sel og hytter.
Turområde, badeplassar. Om vinteren er
det trakka skiløyper innover fjellet.
Alpinanlegg på Overøye.
Stordalshallen -
allaktivitetshall reist på dugnad av
folket i Stordal. Grendasal, idrettsarena,
klatrevegg, skytebane, garderober og
kjøkken. Passar til både
idrettslege- og ikkje idrettslege
arrangementer.
Kirkebø Stadion -
fotball-/idrettstadion i forbindelse med
Stordalshallen. Grasbane, grusbane, open
kiosk ved arrangementer, tribuner.
Stordal
Småbåthamn - koseleg
hamn med plass til ca. 20 gjestebåtar.
Molo med raste-/grillplass og utsikt over
Stordalsvika. Servicehus.