Stordal Bygdetun (bildet) består
av Rosekyrkja, Prestestova, Løsetstova og eit
gammalt stabbur. Desse er open for publikum i
sommarhalvåret. Her har Kyrkjehola Kulturbeite
sine arrangement på sommaren.
Rosekyrkja - frå 1789, vakkert
dekorert innvendig. Open for besøkande i
sommarhalvåret
Kokarsteinen - utsynplass på
vegen utanfor Dyrkorn. Opprinneleg ein hellar som etter
sagnet ga ly for reisande. Eit monument er reist av
restane av denne store steinen. Her er det også
kiosk, gatekjøkken og ein flott rasteplass med
utsyn over Storfjorden.
Allmenningen - sentrum av Stordal.
Sitteplassar, grøntareal, fontener. Utsikt over
Stordalsvika, nær butikk og turistkontor.
Storelva - god lakseelv. Flott turveg
langsmed elva for gåande/syklande. Strekker seg
frå osen til Storheim.
Langsæterområdet -
består av stølane Pusken og Kvitlane.
Mange gamle sel og hytter. Turområde,
badeplassar. Om vinteren er det trakka skiløyper
innover fjellet. Alpinanlegg på Overøye.
Stordalshallen - allaktivitetshall
reist på dugnad av folket i Stordal. Grendasal,
idrettsarena, klatrevegg, skytebane, garderober og
kjøkken. Passar til både idrettslege- og
ikkje idrettslege arrangementer.
Kirkebø Stadion -
fotball-/idrettstadion i forbindelse med
Stordalshallen. Grasbane, grusbane, open kiosk ved
arrangementer, tribuner.
Stordal Småbåthamn -
koseleg hamn med plass til ca. 20 gjestebåtar.
Molo med raste-/grillplass og utsikt over Stordalsvika.
Servicehus.