Storfjorden -
båtturar, fiske og bading.
Stordalsvika er rik på fisk; bl.a.
sei, torsk, lyr, lange.
Fjordfiske/ turer på
fjorden.
Storfjorden er kjent for sitt mangfald av
artar og for å være rimelig
fiskerik.
Populære fiskestader rundt Stordalen
er:
-Fluda, ein undersjøisk "topp" på
50 - 60 m djupn. I farvatnet rundt og
lenger inn i fjorden, varierer djupna
frå 400 til meir enn 700 m.
-Stordalsholmen, Stamneset og
Holmeneset/Latøya, fiskerikt
-områda rundt Djupdalselva og
Stamneselva, brådjupt
Med båt på fjorden kan ein
besøke fjellgårdane på
bortsida av fjorden, eller ta turen innover
til Tafjord, Hellesylt og Geiranger, eller
utover mot Ålesund. Hurtigruta
passerar Stordal på veg til Geiranger
i sommarhalvåret. Det er badeplass ved
hamna.
Cruise til Geiranger - mellom 1. juni og 7.
august stoppar hurtigbåten ved kaia
på veg mellom Ålesund og
Geiranger. Stopp kl. 10.30 på veg
innover og kl. 16.00 på veg utover.
Ein tur på fjorden med båt kan du
få hos KS Dyrkorn, eller leige
båt hos Stordal Camping eller
Stordalsferien.
Fjell - Stordal har ganske
bratte og høge fjell som kan innby til
ein utfordrande fjell-/topptur. For litt
lettare turterreng, kan det anbefalast
å gå i Langseterområdet
eller på Dyrkornsetra. På andre
sida av fjorden er det mogleg å
gå opp til dei fråflytta
fjellgardane på Skotet, Halsen,
Vidhammer, Korsadalen, Holmesetra eller
Djupdal.
Ytste Skotet - ein gammal
fjellgard på ei hylle over fjorden.
Skotet ligg på andre sida av
Storfjorden, og nåast med båt
eller ved å gå frå
Sykkylven. Ytste Skotet er ein av tre
gardar på Skotet, og vart overtatt av
foreininga Storfjordens Venner i 1989. Dei
har utført eit fantastisk
restaureringsarbeid, og garden er no eit
levande museum. Det er ope om sommaren, og
både fotturistar og større
grupper er velkomne. Ønsker du ei
spesiell oppleving, kan du tinge
overnatting i løa eller på
stabburet.
Kyrkjehola Kulturbeite -
kulturarrangement som foregår på
Stordal Bygdetun sommarstid.
Kunstutstillingar, intimkonsertar og
forelesningar.
Stordalscup (bildet) -
fotballcup for aldersbestemte klasser i
juli kvart år. I tillegg er det
tivoli, bruktmarked, salgsboder, utedans og
kiosk. 25 års jubileum i 2005.
Langseterdag - arrangement
på Langsetrane i august, med mange
kulturinnslag, aktivitetar, turmarsj og
ridestemne på Trollkyrkjegarden.
Stordalshallen -
allaktivitetshall bygd på dugnad. Har
idrettsarena, grendasal, klatrevegg,
skytebane, garderobeanlegg og kjøkken.
Kan nyttast til både
idrettsarrangement, dans, konsertar og
private samankomster.
Vinter i Stordal
Stordal Alpinsenter -
populær alpinbakke i eit av
Sunnmøre sitt mest snøsikre
område. Preparerte løyper,
frikøyring og barnetrekk. Varmestove
med servering. Alpinsenteret skal
oppgraderast med nytt trekk og nye trasear
til sesongen 2005/2006.
Stavsengfjellet Skiarena -
lysløype for tur/langrenn som er
åpen heile skisesongen. Lengde rundt
løypa er omlag 2.5 km.
Fjellbakken - hoppanlegg
med 5 hoppbakkar i forskjellige storleikar.
Også plassert på Stavsengfjellet.
Skiturar - på
Overøye startar dagsturen innover i
fjellet. Mange stanser nok på
Langsetrane, dei 2 store seterstølane
i Langseterområdet. Her ligger det
også fleire hyttefelt.
Stordal Fjellservice køyrer opp
turløyper over store områder.
Frå Overøye og inn til grense mot
Valldal, inn til Bøstølen i
Innfjorden, rundt fjellet Kamben og tilbake
til Langsetrane. Dei preparerer også
løypa over mot Kleiva, i
nærheiten til Tresfjord. Rundt fjellet
Storlihornet og tilbake til Langsetrane.
På Dyrkorn er det fint skiterreng
mellom Dyrkornsetra og Gjerdsstølen,
og over mot Grytalia og Vaksvika.
Også vinterstid er det mange som
går på "Toppane". Mange av
fjelltoppane er over 1000 m, og er eit ynda
turmål på ettervinteren. Ein kan
også ta skitrekket opp, og gå
etter fjella ned til sentrum i Stordal.
Eller slutte av turen ved ein av fleire
skogvegane som går ned til sentrum
Sjå også under Friluftsliv