Stordal er eit eldorado for friluftsliv.
Her er alt frå høge fjell til
djupe fjordar, bratte råser(stiar) til
fjellgårdar, slakkare turterreng til
bortgjømde fjellvatn. Noko er godt
tilrettelagt, merka ruter, kart og
høve til å leige rutinerte
guider. Andre stadar er det merka ruter og
ingen problemer med å bruke naturen
som rekreasjonsområde sjølv om du
ikkje er lokalkjent.
Allidrettsgruppa i Stordal Idrettslag har
satt opp kasser på ulike turmål.
Sjå også Stordal Turlag sitt
program for sesongen.
Det finst familievenleg terreng, spesielt i
Langsæterområdet og på
Dyrkornsetra. Enkel tilkomst, mykje flatt
område. Langseterområdet er der
store områder der barn lett kan
ferdast både på fisketur eller
på hyggetur i terrenget. Sau og lam
går fritt ute over hele kommunen, og i
Langseterområdet er der også
storfe på beite i utmarka.
Her er også mange alternative ruter
for dei "viderekomne" som vil ha
større, eller kanskje meir ekstreme
utfordringar ute i naturen. I Stordal
kommune er der mange fjelltoppar over 1000
m. Mange av desse er populære
turmål for dei av oss som vil ha
større utfordringar å strekke seg
etter, enn det vi andre legger i begrepet
natur og friluftsliv.
Fjorden er fin til bading, fisking og
båtturar. Stordalsvika er veldig djup,
og ved Stordal Sentrum er det djupvasskai
der store skip som f.eks hurtigruta kan
legge til.