I samband med at 2005 er utpeika som
Friluftslivets år, vil det finne stad
ein heil del aktivitetar både i
Stordal kommune og elles, knytt til dette.
Alt i januar var det ei høgtidleg
markering på Skaret i Molde, der
ordførarane i M&R vart inviterte
til å ta del i opningsarrangementet.
Som ein del av opninga vart det arrangert
ein hoppkonkurranse ordførarane i
mellom, der Charles Tøsse sikra
kommunen vår kr 10.000,- i og med at
han vart best.
OPNINGSARRANGEMENT I STORDAL
KOMMUNE DEN 1. MAI!
Her i kommunen vil vi markere opninga av
Friluftslivets År den 1. mai og
då som ein del av den årvisse
"Sykkleltrimmen." Allidrettsgruppa og
kommunen går saman om arrangementet
der ein legg opp til at avviklinga av
sykkletrimmen vert som før, men
då at ein legg inn ei ekstra markering
ved Mo bedehus kl 14.00. (sjå oppslag)
FLEIRE ARRANGEMENT, AKTIVITETAR OG TILTAK I
SAMBAND MED FRILUFTSLIVETS ÅR
Konkurranse mellom kommunane i Møre og
Romsdal
Fylket står bak ein konkurranse der
målet er å få folk ut
på tur. Anten ein no vel å
gå, sykle, bruke rullestol eller
sykle, er tanken at ein kan registrere
denne aktiviteten ved å føre seg
opp i 10 turbøker ein vil finne i 10
(nye) raude og flotte turkasser, rundt
omkring i kommunen vår. Turkassene
vert plassert ut slik at dei stiller ulike
krav til oss, anten vi er born i
barnehagealder, rullestolbrukarar, eller
meir for "fjellgeiter" å rekne. Fylket
har utlova kr 100.000,- til den kommunen
som kan dokumentere det beste resultatet, i
høve til innbyggjartalet, og difor er
det naturlegvis viktig at vi alle er flinke
til å registrere turaktivteten
vår. Også folk heimehøyrande
utanfor kommunegrensene kan nytte kassene
våre, så her er det viktig at vi
alle er med og motiverer til deltaking og
registrering. (For dei aller yngste av oss
og kanskje for ein del pensjonistar, evt.
andre, vil ein tur gjerne ikkje vere
på meir enn 1 km og difor kan dei
registrere seg sjølv på korte
turar. For dei vaksne, bør varigheita
på turen vere på minimum 30
minutt om ein vel å registrere seg,
utan at det er råd å vere alt for
kategorisk her)
Dei 10 turmålkassene skal vere
utplasserte til 1. mai og alle noteringar
frå då og fram til og med 30
september er med i konkurransen.
Turmålkassene vil verte
utplasserte på følgjande
stadar:
1) MO BEDEHUS
2) KVAMMEN BRU
3) STORVASSHYTTA
4) TROLLKYRKJEGARDEN (på brua i
Elvabytet)
5) MOSÆTRA (på løvegg)
6) LANGSÆTRANE (v/PUSKEBRUA)
7) ANDERSHAUGEN BARNEHAGE (v/inngonsporten)
8) MIDTBUSTSÆTRA (på selet)
9) LANGS TURVEGEN MELLOM DYRKORN OG
KOKARSTEINEN
10) GRIGGÅS NATURSTI (på skilt
langs stien)
Om du er ute på tur og har høve
til å leggje turen innom ein eller
fleire av disse kassene, på same
turen, vert altså aktivteten din
registrert og sjansen for at vi kan kalle
oss "Årets turkommune" aukar. Under
opningsarrangementet 1. mai, er det difor
grunn til å håpe på at alle
som deltek på sykkeltrimmen registrer
seg i boka, som skal hengjast opp på
Mo bedehus.
Tilsvarande konkurranse også innan
Stordal kommune
For å gjere dette endå meir
interessant vil ein her i kommunen
også sette opp eigne premiar. Med
utgangspunkt i turbøkene som vil verte
samla inn rett etter den 30. september vil
vi her premiere slik:
· Premiering av dei som har vore
ivrigast til å kome seg ut på tur
· Premiering av dei elevane ved
Stordal skule, som har vore ivrigast til
å kome seg ut på tur.
· Premiering av alle som har
registrert seg i alle dei 10 turkassene
· Uttrekking av premiar mellom dei som
har minst ei registrering i løpet av
perioden
Konkurranse i regi av Ålesund og
omland friluftsråd
Som kjent er Stordal kommune ein av 9
medlemskommunar i Friluftsrådet og som
eit av deira aktivitetsopplegg i
Friluftsåret, arrangerer dei noko dei
har kalla "kulturminneorientering." Kvar
medlemskommune skal velje ut eitt
kulturminne og det vil bli delt ut ein
eksklusiv diplom til dei som oppsøkjer
alle dei 9 kulturminna i løpet av
perioden 1. mai - 30. september. Stordal
kommune har velt ut Trollkyrkjegarden
(turkassa vert plassert på brua i
Elvabytet) som sitt "kulturminnemål"
og i god tid før 1. mai vil det vere
klart kva dei andre kommunane plukkar ut.
Ved å leggje turen innom
Trollkyrkjegarden er du difor automatisk
også med i denne konkurransen!
(Friluftsrådet vil i løpet av
dette året også utarbeide eigne
"kulturminneorienteringskart" både
lokalt og regionalt. Disse skal etter
planen vere klar til bruk neste år)
Turmarsjar:
I løpet av året vil fleire
turmarsjar verte avvikla. I samband med
markeringa av Unionsoppløysinga vert
det lagt opp til eigen turmarsj i regi av
Allidrettsgruppa (WWF -marsj) med start
frå Stordal Bygdetun (Også denne
dagen kan ein registrere seg , i og med at
turmarsjen mellom anna passerer turkassa
på brua i Kvammen.)
Kommunen legg elles opp til ei flott
markering ved bygdetunet denne dagen, som
altså skjer på dagen 100 år
etter Unionsoppløysinga den 7. juni
1905.
Allidrettsgruppa arrangerer vidare eigen
turmarsj til Mosætra, søndag den
14. august. (også denne er ein
såkalla WWF-marsj)
I samband med Langsæterdagane, vert
det vidare lagt opp til fleire turar i
Langsæterområdet.
"Den Gyldne Spaserstokk" legg vidare opp
til turar kvar veke, samt at alle som
deltek her kan velje seg eigne turmål.
Ved arrangementet "Barnebarnas dag" den
1.oktober ser ein også føre seg
eigen turmarsj.
Stordal bondelag har elles planar om å
få i stand ei flott markering i
samband med at turvegen mellom Osen og
Harpeberget skal opnast i løpet av
sommaren. Også her vert det lagt opp
til turmarsj.
Dyrkornbygdarane har dei siste åra
vore flinke til å arrangere
friluftsopplegg og sjølv om det i
skrivande stund ikkje er noko fastlagt,
vert ein ikkje overraska om dei får
til noko også denne gongen.
Langsæterdagane:
Med utgangspunkt i den særs vellukka
Langsæterdagen i fjor haust, legg ein
no opp til ei utviding av arrangementet.
Det heile vert avvikla frå og med
fredag 26. august, til og med søndag
28. august. Friluftsliv vil også
då stå sentralt, i tillegg til
eit omfattande opplegg med mellom anna
fokus på kulturminner i området,
"Bondens Marked", tradisjonsmat og eit
rikhaldig kulturelt program. Også i
år tek ein sikte på eiga
friluftsgudsteneste, som ein del av
arrangementet. Det er Stordal Sogelag og
"Prosjekt Øvre Stordal", i samarbeid
med andre lag/organisasjonar og kommunen,
som står som arrangør her.
"Barnebarnas dag"
Også Eldrerådet i Stordal
ønskjer å markere at ein no er
inne i Frliuftslivets År. Den 1.
oktober vil dei, i samarbeid med
friluftsrådet, stå bak eit
arrangement kalla "Barnebarnas Dag." Slik
det går fram av namnet, er det borna
som vil stå i fokus denne dagen og det
blir lagt opp til mange spanande
aktivitetar ute i det fri.
"Den gyldne spaserstokk"
Dette populære opplegget, som Stordal
Helselag i samarbeid med Sparebanken
Møre står bak vil også i
år verte gjennomført. Det sosiale
er også her sentralt, i tillegg til
det reint mosjonsmessige, når
helselaget legg opp til faste dagar i veka
(i perioden mai-oktober) der ein går
tur saman. Som ein del av dette opplegget
fører ein inn turane sine i eige
skjema og det brukar å vere flotte
avslutningsarrangement kvart år.
Natur- og miljødag ved Stordal skule
I samarbeid med friluftsrådet legg
ungdomsskulesteget opp til eigen"Natur- og
miljødag" i løpet av våren.
Dette kjem då i tillegg til
øvrige utedagar, skidagar og anna i
løpet av året.
Opprusting av turvegen frå Osen til
Harpeberget, i regi av Stordal bondelag.
Stordal bondelag er godt i gong med denne
opprustinga og i løpet av første
del av juni månad ser ein føre
seg å kunne presentere ein turveg av
høgare standard. Bondelaget tek sikte
på å få til ei eiga
opningsmarkering då. Denne opprustinga
vil verte ein særs positiv tilvekst
for kommunen, ikkje minst vil
tilrettelegginga ha mykje å seie for
dei som tidlegare har hatt vanskar med
å ta seg fram langs elva. Det skal
også lagast til kvileplassar og
setjast ut benkar langs turvegen. Dermed
vil dette også kunne verte sosiale
treffstader. Grunneigarane ønskjer i
tillegg å synleggjere den naturperla
Stordalsvassdraget er. Prosjektet har
fått støtte i form av spelemidlar
, samt miljøtiltaksmidlar frå
NVE.
Rydding av råser og stiar
Grunneigarar er elles godt i gong med ei
omfattande rydding av turstiane mellom
bygdene og dei gamle vår- og
sommarstølane, i eit område som
strekkjer seg heilt frå Dyrkorn og til
Almås. I tillegg er arbeidet med
rydding av stiar godt i gong også
på sydsida av Stordalsvassdraget.
(også dette arbeidet har fått
positive tilbakemelldingar frå
kulturavdelinga på Molde)
Opprusting av Storvasshytta
Dei fleste er også kjend med at
hyttelaget for Storvasshytta har sett i
gong eit omfattande utbetringsarbeid, noko
som vil verte til stor glede for alle som
ferdast i dette fantastiske
friluftsområdet vårt.
Det er alltid ein fare for at arrangement
og tiltak kan verte uteletne, ved ei slik
opplisting. Likevel ser ein det som viktig
å presentere denne informasjonen og
ber samstundes om tilgjeving om nokon
føler seg "forbigått."
Konklusjonen må uansett vere at det
ikkje er så reint lite som er på
gong hjå oss, også innan dette
som har med friluftsliv å gjere.
Avslutningsvis vil ein håpe at alle
vil få oppleve den gleda det inneber
å få vere med på
friluftslivsaktivitetar, anten dette er i
form av organiserte opplegg eller ei, og at
vi alle er vårt ansvar bevisst, og
steller oss slik at også komande
generasjonar vil få høve til dei
same opplevingane.
Lukke til!
Hallgeir Hove
kulturkonsulent