Stordal er eit eldorado for friluftsliv. Her er alt
frå høge fjell til djupe fjordar, bratte
råser(stiar) til fjellgårdar, slakkare
turterreng til bortgjømde fjellvatn. Noko er
godt tilrettelagt, merka ruter, kart og høve til
å leige rutinerte guider. Andre stadar er det
merka ruter og ingen problemer med å bruke
naturen som rekreasjonsområde sjølv om du
ikkje er lokalkjent.
Allidrettsgruppa i Stordal Idrettslag har satt opp
kasser på ulike turmål. Sjå
også Stordal Turlag sitt program for sesongen.
Det finst familievenleg terreng, spesielt i
Langsæterområdet og på Dyrkornsetra.
Enkel tilkomst, mykje flatt område.
Langseterområdet er der store områder der
barn lett kan ferdast både på fisketur
eller på hyggetur i terrenget. Sau og lam
går fritt ute over hele kommunen, og i
Langseterområdet er der også storfe
på beite i utmarka.
Her er også mange alternative ruter for dei
"viderekomne" som vil ha større, eller kanskje
meir ekstreme utfordringar ute i naturen. I Stordal
kommune er der mange fjelltoppar over 1000 m. Mange av
desse er populære turmål for dei av oss som
vil ha større utfordringar å strekke seg
etter, enn det vi andre legger i begrepet natur og
friluftsliv.
Fjorden er fin til bading, fisking og båtturar.
Stordalsvika er veldig djup, og ved Stordal Sentrum er
det djupvasskai der store skip som f.eks hurtigruta kan
legge til.